torsdag 29. oktober 2009

Dag 9 med snekkerar

I dag er alle takstolane komt på. I morgon eller etter helga begynne dei forhåpentligvis å legge undertaket =)




Klem Astrid

tirsdag 27. oktober 2009

Halve taket på plass


I dag kom takstolane, ein dag før tida faktisk! Ein positiv overraskelse. I dag har altså halve taket komt opp, reknar med at resten av takstolane kjem på i løpet av morgondagen. Framgangen er veldig tydelig, og det er kjempe kjekt å følge med. Eg ser faktisk huset fra jobb, så det blir kasta ein del blikk ned i løpet av dagen.
Bilda er litt dårlige sida det blei mørkt før eg kom meg ut for å ta bilder

Inngangspartiet


Loftet


Kan ikkje klage på utsikten vi får fra soverommet





Kjem tilbake med meir oppdatering og betre bilder i morgon =)
Klem Astrid










onsdag 21. oktober 2009

Vegger

No begynner huset å ta form =)
Beklager at eg ikkje svarer på kommentarer for tida, men har egentlig ikkje tid å lage innlegg ein gong. Masse so skjer, og eg er aldri heime :-§
Kjem sterkere igjen seinere....forhåpentligvis!
Klem Astrid

søndag 18. oktober 2009

En deilig Søndag


I dag har eg vore med mamma på fjelltur. Turen gikk til Eikåsnipa som ligg 826 moh. På toppen er det ei fantastisk utsikt over fjelltoppane i nærleiken, Førde og Jølster.


Eikåsnipa er eit av mine favoritt fjell. Det tar ikkje langt tid å nå toppen, og utsikta undervegs og på toppen er fantastisk. I tilegg er det to "toppar" på denne fjellturen. Ein kan velje å berre gå halvvegs opp. Då kjem ein til støylane som du ser på biletet over.

I dag har eg kjøpt mitt første hageblad. No skal hagen planleggast, og det treng eg inspirasjon til, for hage har eg NULL peiling på!
Til min store overraskelse var det komt ny utgave av Vakre hjem og interiør også. Og eg som trudde det kom i måra. Då var Søndagskvelden redda =)

Her ser du pusen som kosar seg i det nye teppet frå Kid. Det var ikkje lenge eg fekk ha det for meg sjølv =)

I måra kjem endeleg snekkaren og byrjar å røyse huset vårt. Dei har vore her og laga klart utstyr og sett opp brakke, så i måra byrjar arbeidet, JIPPI! Og eg har ein feriedag i måra, så eg kjem til å snare rundt føtene til snekkarane heile dagen =)

God søndagskveld til alle!

Klem Astrid




fredag 16. oktober 2009

Velkommen deilige Fredag

Fredagsettermiddag og kveld er den deiligaste tida i veka syns eg. Når huset er vaska, er alt klart for helg og avslapping. I dag hadde vi besøk av tanteungen min til middag. Vi var ute å prata med hestane mens Ole Christian laga middag. Etter middag var eg ute å gikk tur med mamma. Det har vore kjempe deilig vær denne veka, og hausten er virkelig fin når det ikkje regner.

Kveldsen står i ovnen og godgjer seg mens eg omsider lagar eit blogginnlegg igjen. Det er vel ca. ei veke sidan sist :-§
I kveld skal eg kose meg med god mat, film, snop og hekleprosjektet mitt.


Har kjøpt siste utgave av Lantliv, men tviler på det blir lest i kveld...kanskje på senga, ellers har eg nåke å glede meg til i måra =)


Her er bloggekroken min. Var på vennesalg på Kid og kjøpte det deiligaste teppet. Flis på eine sida og fuskepels på andre. Perfekt for meg som fryser så masse!



Ønsker alle ein god fredagskveld og ei fin helg!
Klem Astrid










fredag 9. oktober 2009

Dilla på gråvaska korg og "gamle kasser"

Eg har vore veldig dårlig på å oppdatere bloggen min i det siste...og eg må desverre seie at eg tviler på at eg blir bedre på det med det første. Har lite å blogge om for tida. Det kjem seg vel når det skjer meir med huset. Snekkaren kjem neste veke (forhåpentligvis), so då tenker eg det blir meir å blogge om, og lettere å sjå framgang =)
Ellers har eg fått dilla på "gamle kasser" og gråvaska korger. Fint med oppbevaringsplass.





Denne kassa har eg snekkra sjølv av ein gammal sengebotten. Den har fått eit strøk med interiørbeis-drivved. Grå skrift med stempelputer.







Ellers har eg også fått dilla på hekling. Har endelig lært meg å hekle med mønster og ikkje berre fram og tilbake. Mamma var på besøk og gav meg ein leksjon i går kveld =) So no har eg begynt å hekle meg bestemorsteppe i kvit,grå og brun.



God helg til alle sammen =)
Klem Astrid


søndag 4. oktober 2009

Retro

50-tallet:
*Korea-krigen varer fra 1950-1953
*Første regulære kringkasting av fargefjernsyn i USA
*Suezkrisen utspiller seg
*Rock and Roll ruler musikkverden med bl.a. Elvis Presley i forkant.
*Opptøyer i Oslo etter premiere på filmen Rock Around the Clock
*Sovjetunionen skyter opp den første menneskeskapte satellitt, Sputnik 1 og Sputnik 2 med hunden Laika ombord, og senere månesondene Luna 2 og Luna 3
*Kong Haakon VII dør, og Kronprins Olav overtar som Norges konge
*Det europesiske fellesskap (EF) trer i virksomhet.
*Oslo arrangerer De olympiske vinterlekene
Kilde: Wikipedia

Dette var berre nokre av hendelsane som skjedde i 50-åra. 50-åra hadde i tillegg til dette mykje anna å by på. Som t.d. teakmøbler, fargerike tapeter og interiør.


I går var eg på besøk hos ei venninne som har pussa eit gammalt hus i Retrostil.


Her er ein liten smakebit av korleis huset ser ut innvendig =)


Garderoben er tapetesert med orginal tapet frå 50-tallet, bestilt på internet.


Kjøkkeninnredninga er original og er måla i lyseblått og kvitt.


Porselensvask og armatur i gammal stil.














Fargerike detaljer





Smeg kjøleskap høyrer med til retrostilen! Dette er lyseblått og passer perfekt inn med den blå kjøkkeninnredninga. Kjøleskapet er bestilt frå Italia.


Møbler med tapet












Dette var berre ein liten smakebit 1 etasje i huset. Heile huset er i samme stil og veldig gjennomført. Det var kjekt for meg som liker den franske landstilen, og sjå eit hus som var så forskjellig innreda fra det eg er vant med! Morsomt med stiler fra forskjellige epoker og at alle har forskjellig smak.
Mens eg var på besøk fikk eg eit lynkurs i hekling, so resten av kvelden går med til hekling her i huset. Kanskje eg skal begynne på en Tilda badeengel også...=)
Klem Astrid



lørdag 3. oktober 2009

Skjønne lyshus og nytt skap



Eg har laga mitt første skap =) Og må sei meg ganske så fornøgd med det! Eg brukte ein gammal sengebotten og eit par hobbyhyller, ei gammal speilramme og litt hønsenetting.
Desse posane har eg også laga. Dei sydde eg av sekkestrie og brukte stempelputer og svart akrylmaling. Her har eg serviettringane mine og ting og tang som ikkje passer andre plasser....har på følelsen at potter sacen blir fyllt opp ganske fort ;-p





I dag fikk eg pakke fra Lobelia. Der fikk eg to av desse fine lyshusa som så mange andre bloggera har. Dei er kjempesøte, og har fått plass på kjøkkenbordet til eg finn ein betre plass til dei. I tilegg fekk eg det nyaste bladet fra Jeanne d'arc som eg har kosa meg med i ruskeværet i dag.

Ellers har eg vore på jakt rundt heile førde etter sushi, og no er det ingen butikker som selger det lenger!! KRISE! Då blir det salat og pizzarester frå i går.....
Seinere skal eg på besøk til ei venninne som har pussa opp eit gammalt hus i retro-stil. Gleder meg! Kanskje det kjem nåken bilder av det på bloggen i måra...
God lørdagskveld til alle!
Klem Astrid






Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online