Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg

onsdag 1. september 2010

Soverom


Eg var ikkje fornøgd med det andre soveromsinnlegget mitt, og lagde difor eit nytt.
Her er bileta teke i dagslys.
I tillegg har eg valt å vise mykje færre bilete, slik som NIB råda oss til.
Håpar det fell i smak =)




Klem Astrid

søndag 13. september 2009

Hausstemning
















I dag har det vore ein virkelig flott dag på Vestlandet! Knallblå himmel og sol. Temperaturen var faktisk så bra at eg kunne gå i t-skjorte ute. Dagen blei nytta til å rydde vekk det siste av råtne sommerblomster, vask av platning, trapp og inngangsparti. Det er alltid kjekt å sette ut potter og møbler og plante blomster når våren kjem, men det er jammen greit å rydde det vekk til vinteren også. Det blir litt ryddigere og enklere med mindre blomster ute. Lettstelt lyng og vintergrønne planter liker vi =)




Eg har også vaska huset innvendig, lufta sengklede og fått tid å sy min første Tilda-engel!














Den blei ikkje akkurat som på pakken, litt mykje leppestift i ansiktet, menmen.....eg er fornøgd eg =)









I går var eg på shopping. Eg var innom ein fantastisk interiørbutikk i Førde som heiter Fruenes drømmer. Eg har ikkje handla så mykje der pga. prisane :-§ Litt dyrt for mi lomme, men kjekt å sjå kva dei har. I ei korg stod Vakre hjem og interiør nr. 2 2009, som eg har prøvd å få tak i på nettet ei god stund utten å lykkast. Grunnen til at eg ville ha bladet var fordi Anette med bloggen Anettes hus, har vist fram kjøkkenet sitt i denne utgåva.


No sitter eg å venter på at Ole og broren min kjem heim frå Ålesund. Dei har spilt golfturnering på Solnør. Dei kom videre til Solnør ettert å ha blitt best i Sogn og Fjordane. Dei som vant på Solnør gikk videre til Skottland.


Om Ole og broren min gikk videre veit dei ikkje pga. tull med oppmøtet. Dei får vite det i løpet av morgadagen eller tirsdag, så vi krysser fingrane =)


Dei havna vertfall på 4 plass av alle som var med. Men para skulle egentlig bli delt i to grupper, noko dei ikkje blei pga. eit par som ikkje møtte opp. Dersom dei blir delt i to grupper alikevel, vann Ole og broren min i den gruppa dei detok i, og turen går videre til Skottland!


Gruppene skulle blitt delt inn etter nivå. Det bil seie at dei egentlig har spillt mot par som var mykje bedre enn dei som skulle spille i deira gruppe.....


Dette blei litt mykje vas og kanskje litt vanskelig å forstå, men eg er vertfall kjempe stolt over at dei har klart å komme så langt og spillt så bra =)


Ønaker alle ein fin søndagskveld videre...


Klem


søndag 26. juli 2009

Golv

Når eg og Ole var på Byggmakker viste det seg at golvet vi har valgt ut ikkje er samme som det eg har lagt ut bilde av på bloggen før. Det golvet vi skal ha heiter lutet furu, og er endå finere enn det golvet eg har lagt ut bilde av før. En positiv overraskelse =)


Foto: Alloc.no

Dette golvet skal vi ha i alle rom i huset, bortsett fra bad, vindfang og vaskerom. Vi skal ha nesten samme golv på alle soverom, men ein billigere versjon (mindre slitasje i desse romma).

søndag 7. juni 2009

Tak

Vi skal ha smartpanel skygge i taket på alle rom. Det blir også spotter i alle rom i 1 etasje.
http://www.smartpanel.no/

Vegg

I huset vårt har vi smartpanel perle. Vi er ganske lei av den typen veggplater, og har bestemt oss for å ha smartpanel skygge i det nye huset. Vi vil ha smartpanel for å få den klassiske stilen. Vi har ikkje bestemt oss for om vi skal ha ferdigmalt eller ubehandla plater endå. Vi tenkte å vente å sjå kor leie vi var av snekring og maling når vi er komt så langt at vi skal begynne å plate veggane. Viss vi er så lei som eg trur vi kjem til å vere, blir det nok ferdigmalte plater :-)

Alle veggane skal vere lyse, men farge er ikkje bestemt endå.

http://www.smartpanel.no/

Golv

Etter mykje fram og tilbake, har vi bestemt oss for å velge laminatgolv fra Alloc. Vi ville i utgangspunktet ha parkett sidan vi har har laminat no, og syns det er vel hardt å gå på. Men etter å ha sett korleis parkettgolv ser ut etter ei lita stund med flytting av møbla og diverse småuhell, ombestemte vi oss. Laminat er mykje sterkere og tåler mykje meir enn parkett før det blir hakk og striper i golvet.

Golvet vi har valgt er Alloc orginal trend - hvitoljet eik plank:




Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online