søndag 23. januar 2011

Ommøblering i stua



Kvart år når jula er ferdig og julepynten er teken ned, pleier eg å ommøblere.
Det blir alltid så tomt og trist når jula er over, så litt fornyelse er bra :-)

Eg blei veldig fornøgd med resultatet, og stua virka mykje større og opnare enn før.

Ellers har eg begynt å trene igjen, og syns det er fantastisk deilig!
Får håpe det varer... :-p
I tillegg har eg såvidt begynt å planlegge uteområdet.


Det einaste problemet er pengane...
Men eg trur eg skal klare å gjere veldig mykje sjølv, og kven veit? Kanskje eg får litt hjelp frå familien og =)

tirsdag 4. januar 2011

Oppsummering av jula

Då va endå ei jul over, og det nye året har innhenta oss...
Veit ikkje heilt om eg er fornøgd med det.
Det er klart det er godt å komme inn i rutiner igjen, og begynne eit nytt og sunnere liv ;-)
Men førejulstida og sjølve jula er den beste tida på året spør du meg, så det er med delte følelsar eg ønsker 2011 velkomen.
Jula var iallefall fin =)

Eg fikk spørsmål om eg kunne vise fleire bilete frå huset på utsida.
Og slik ser det ut.


På tur i skogen 1 juledag



Julestemning i stua




Og ja, hylla under peisen skal egentlig vere fyllt med ved, men her var det tomt gitt...


Ellers vil eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått på dei forige innlegga mine.
Eg har hatt total bloggesperre i det siste, så oppdateringane let vente på seg.
Eg skal prøve å skjerpe meg no =)

Godt nytt år til alle!
Klem Astrid








Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online