Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kjøkken. Vis alle innlegg

søndag 6. mars 2011

Fastelavn og femmila


Dagen i dag starta med god frukost og litt bladlesing


Den fortsatte med kaffi, fastelavensbollar og femmila på fjernsynet
Gratulerer til Northug og alle dei andre som har tatt medalje i VM.
Northug er konge!

Ein kort tur i mellomtida...ut å lufte kroppen


Søknad til GLSM (grunnleggande lese, skrive og matteopplæring) sendt til høgskulen i Bergen


Dagen blei avslutta med kinamat og kvalme, so senga traff eg 21.50

Tusen takk for alle dei fine kommentarane på kjøkkeninnlegget mitt!
Svar på spm i innlegget:
  1. Lampene i vinduet er fra House Doctor, og er kjøpt på ein lokal interiørbutikk.
  2. Lampene over spisebordet er fra Tine K home
  3. Grua på kjøkkenet er egenkomponert


Ønsker alle ei fin veke!

Klem Astrid :-)

onsdag 2. mars 2011

Nib utfordring - kjøkkenet



I Mars kom endelig ei Nib utfordring eg følte eg kunne bidra med noko til.
Kjøkkenet er det viktigaste romet i huset for min del, og eg er veldig fornøgd med kjøkkenet mitt.

Her kjem eit bilderas frå kjøkkenet:












Gleder meg til å sjå mange fine kjøkken!
Klem Astrid 

tirsdag 22. februar 2011

Vårfølelse


 Endeleg har eg og fått litt vårstemning.
Sola kjem før kl. 10.00 om morgonen, og er her til litt over 15.30.
Store deler av den tida er eg på jobb, men har ein fantastisk jobb som pedagogisk leiar i barnehage, noko som gjer til at eg får vere mykje utandørs. Og då får eg nyte sola eg og.


I helga tok eg litt bilete på kjøkkenet. 
Eg måtte utnytte sola og det fine lyset som kom inn i huset.


Den gamle krydderflaske holderen har eg funne i det gamle kårhuset på gården.
Den har nok tilhøyrt besteforeldra eller oldeforeldra mine.
Det manglar to flasker, noko som irriterer meg veldig. So viss nokon kjem over slike flasker, tek eg gjerne imot tips.




Bokstativet fekk eg av ei venninne til jul.
Cuisine skiltet er kjøpt i Paris og hjulvispen er kjøpt på antikvitetsbutikk.
Posen med serviettringer har eg laga sjølv.
Resten er frå GreenGate og kremmerhuset.





Ønsker alle ei fin veke, og ein fin vinterferie for dei som har det!
Og tusen takk for dei fine kommentarane om badet mitt.
Eg gjorde tydligvis eit godt valg i å bytte ut speilskapet med det enkle speilet.
Klem Astrid

torsdag 2. desember 2010

julekjøkken

Då var turen kome til kjøkkenet









Eg har lurt på om eg skulle kjøpe røde liftgardiner til spisestua også, men har foreløbig ikkje gjort det.
No er det ein type gardiner på kjøkkenet, ein type i spisestua og ein type i stua...Litt rotete kanskje?


Kva syns du?




I dag var planen å lage pepperkakehus og pynte det. 
I staden sovna eg på sofaen og åt opp pynten til huset... jaja, sånn kan det gå :-/
Kjem sterkere tilbake i morgon =)

Klem Astrid

mandag 8. november 2010

Pakke i posten


Før helga fikk eg pakke i posten.
Den var fra Monica med bloggen Monicas drøm.
Eg var så heldig å vinne 2 premie i give awayen =)
Og her er innhaldet i pakken:


I dag slo migrenemonsteret til igjen, so no MÅ eg bestille time hos kiropraktor, enten eg vil eller ikkje...

Eg er heldigvis bra igjen no, etter migrenemedisin og masse søvn.

Viser litt bilder som blei tatt på formiddagen i går
Spisestue/kjøkken


Og her har deler av gaven frå Monica fått plass





Klem Astrid


søndag 19. september 2010


Bilderas frå kjøkkenet i dag








Fint med litt ledningar på biletet...:-p






No skal eg kose meg med brownies, kaffi og blogging ;-)


God Søndag til alle!

Klem Astrid

tirsdag 7. september 2010

to be continued...



I kveld har eg lagt fliser under ventilatoren.
Resultatet blei meget bra om eg får seie det sjølv =)
Ein klarer det meste dersom man prøver...



Fortsettelsen kjem på torsdag, då skal flisene fugast.
Eg skulle gjerne gjort det i morgon, men då er det personalmøte på jobb, så det må nok vente ein dag. Med mindre eg får akutt arbeidslyst når eg kjem heim...

Ellers vil eg takke for dei koselege kommentarane eg fekk på soveromsinnlegget mitt.
Alltid kjekt med positiv tilbakemelding =)


Ønskjer alle ei fin veke vidare.

Klem Astrid

lørdag 14. august 2010

Kjøkken og spisestue


På onsdag var eg på Iron Maiden i Bergen, og turen gikk selvfølgelig innom Home and cottage på heimvegen. Der kjøpte eg korgbrettet og kubbelysa...


...som står på spisebordet i spisestua.


Kjøkkenet har fått nye hyller...


...og nye lamper i vindua.





Lampene fikk eg til jul i fjor, men har ikkje somla meg til å hengt dei opp før i dag.
Veldig fornøgd med resultatet :-)



God helg til alle :-)

Klem Astrid
Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online