Viser innlegg med etiketten Gang. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gang. Vis alle innlegg

søndag 19. september 2010

Hallen


I kveld viser eg bilder frå hallen.
Litt ommøblering sidan sist.
Kista frå stua har fått plass her og nye bilete er kome på veggen...og fleire skal det bli.


Trappa har fått nye tepper.
Trappa var glatt å gå i, og blei fort stygg av støv og riper.
Teppa gjorde til at trappa ser betre ut, er betre å gå i, og beskyttar trappa mot riper og skader.


Lysa er aldri tende i trappa til vanleg, men ein gong måtte vere den første... :-p

God Lørdagskveld og Søndag til alle

Klem Astrid

mandag 2. august 2010

Gang og gjestebad

Då va det på tide å vise dokke meir frå nyehuset.
I dag skal de få sjå gangen og gjestebadet.


Vi byrjar med gangen





Biletet er teke frå vindfanget og inn mot hallen

Sjenken på bildet under var besteforeldra mine sin.
Den var i utgangspunktet lysere brun, men eg har måla den i brunsvart
.








Gjestebadet

I morgon reiser eg på min første ferietur i år.
Turen går til Folkestad der vi skal på hytta til ei venninne. Håpar på litt sol for ein gongs skuld. Sommeren har regna vekk for min del... Og ikkje kan eg skryte på meg at eg har fått gjort mykje inne heller, for det har eg ikkje! Eg har gått 110% i feriemodus, og sove og slappa av heile ferien

God sommar videre!

Klem Astrid

tirsdag 1. desember 2009

1 desember

Då var det advent igjen, og huset er relativt reint og litt av pynten er kome fram. Eg har slengt med med på shabbyjuletre-i-bøtte-trenden. Egentlig er det litt for masse pynt for meg før jula kjem, men syns det er så fint med eit lite "stygt" tre i gangen =)






Julestjernene er på plass, men ikkje ledningane. Like frustrerande kvart år. Kanskje det blir fiksa til julaftan...?


Heimelaga adventsstake er minst like fint som kjøpt!









God advent til alle =)
Klem Astrid





søndag 26. juli 2009

Golv

Når eg og Ole var på Byggmakker viste det seg at golvet vi har valgt ut ikkje er samme som det eg har lagt ut bilde av på bloggen før. Det golvet vi skal ha heiter lutet furu, og er endå finere enn det golvet eg har lagt ut bilde av før. En positiv overraskelse =)


Foto: Alloc.no

Dette golvet skal vi ha i alle rom i huset, bortsett fra bad, vindfang og vaskerom. Vi skal ha nesten samme golv på alle soverom, men ein billigere versjon (mindre slitasje i desse romma).

onsdag 22. juli 2009

Den blå kommoden

Nåken huska kanskje innlegget "På skattejakt", eg hadde for ei stund sida. Der var det bilde av denne kommoden. No har eg pussa den opp, og kommoden er no blitt lyseblå, og har fått plass i gangen =)
Kommode før:
Kommode etter:

Kommoden er pussa og har fått tre strøk med lysblå maling. Toppen har fått to nye strøk med kvitmaling. Hantaka var så søte at eg ville behalde dei, dei har fått to lag med kvit spraymaling.


På kommoden står to gamle black design lysestaker. Dei har fått to strøk med matt kvitmaling, og er pussa i kantane. Litt meir shabby stil over dei no. Nedafor er eit bilde av korleis dei såg ut før.
Lysestaker no:



Lysestaker før:




Klem


torsdag 9. juli 2009

Trapp

Ettersom Ole jobber på Byggmakker, tjener vi ganske masse på å velge ei trapp som dei selger der. Det blei eit lett valg, sidan dei berre fører Stryntrappa!
Men det gjer egentlig ingenting at vi har lite å velge mellom...valget har en tendens til å bli lettere då =)
Dessutten har Stryntrappa mange fine modeller.
Vi har sett oss ut modellen Fiol, og er enige i at den er veldig fin, og passer til den stilen vi tenker oss. Det kan hende vi ombestemmer oss før tida kjem til å velge trapp, men foreløbig ender vi opp på Fiol.


Golvet i gangen blir mest sannsynlig kvitlasurt eik (sjå tidligere innlegg om golv), då blir det mest sannsynlig utførelsen nedafor som passer best. Denne utførelsen blir berre på sjølve trinna. Resten av trappa skal vere kvit.

Trappa blir sannsynligvis sjåande ut som modellen på bildet under:

Alle foto: Stryntrappa


søndag 7. juni 2009

Tak

Vi skal ha smartpanel skygge i taket på alle rom. Det blir også spotter i alle rom i 1 etasje.
http://www.smartpanel.no/

Vegg

I huset vårt har vi smartpanel perle. Vi er ganske lei av den typen veggplater, og har bestemt oss for å ha smartpanel skygge i det nye huset. Vi vil ha smartpanel for å få den klassiske stilen. Vi har ikkje bestemt oss for om vi skal ha ferdigmalt eller ubehandla plater endå. Vi tenkte å vente å sjå kor leie vi var av snekring og maling når vi er komt så langt at vi skal begynne å plate veggane. Viss vi er så lei som eg trur vi kjem til å vere, blir det nok ferdigmalte plater :-)

Alle veggane skal vere lyse, men farge er ikkje bestemt endå.

http://www.smartpanel.no/

Golv

Etter mykje fram og tilbake, har vi bestemt oss for å velge laminatgolv fra Alloc. Vi ville i utgangspunktet ha parkett sidan vi har har laminat no, og syns det er vel hardt å gå på. Men etter å ha sett korleis parkettgolv ser ut etter ei lita stund med flytting av møbla og diverse småuhell, ombestemte vi oss. Laminat er mykje sterkere og tåler mykje meir enn parkett før det blir hakk og striper i golvet.

Golvet vi har valgt er Alloc orginal trend - hvitoljet eik plank:




Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online