mandag 29. mars 2010

Badekar dilemma


Eg klare ikkje å bestemme meg for badekar! Skal eg ha hjørne eller rettvegg? Eg vil helst ha badekar til rettvegg, men det koster jo myykje meir... I tilegg til at eg syns det er finere med badekar til rettvegg, er det plass til to i det badekaret. Uansett om det blir hjørne eller rettveggkar, skal det byggast inn!! Eg syns ikkje akkurat at boblebad er ein fin møbel i seg sjølv, men det kan nok bli fint med litt fliser rundt =)

Kva badekar ville du ha valgt?

Sofaen på Skeidar er bestilt. Det blei to 3 seterar, så dei kjem til huset er ferdig!
Eg har også bestemt meg for veggplater i dag. Det blei huntonitt, skyggepanel, ferdigmala kvit. Listverket er også bestemt. Både taklister og golvlister er ferdigmalt mdf og 12 cm...breie lister altso =) I tilegg til listverket skal det vere hjørneklossar i taket.

Ytterdør er bestemt og bestillt. Det blei Beverly fra Dooria. Her er bilete av døra i kvit, men eg har bestillt den i brunsvart.



Pynteklosser


I dag har pynteklossane komt opp rundt alle vindua i 1 etasje.
Blir kjempe bra!

Elektrikaren har fått opp kassene til spottane på loftet.

Og boksar til brytar og stikkontakter...


Røra er på plass der dei skal vere. Her er dusjen i 2 etasje.


Ellers var eg på shoppingrunde på lørdag. Eg skulle egentlig berre sjå på sofa, meen så fann eg denne lampa på Bohus. Ååå, den vil eg ha!! Bra det nærmar seg mai og bursdagen min =)
I år blir det vertfall ikkje noko problem å finne gave til meg!



Klem Astrid

søndag 28. mars 2010

Ny sofa

No har eg bestemt meg for kva sofa eg skal ha i nyehuset.
Denne blir bestilt på Skeidar i morgonI tilegg skal eg bestille 2 slike stolar frå Ilva, men først må dei få dei på lager igjen


torsdag 25. mars 2010

Deleveggar er komt opp

Takk for dei oppmuntrande kommentarane eg har fått på dei forige innlegga mine.
Det hjelper veldig på humøret! =)

Og planen er selvfølgelig å bu i huset når det er ferdig =)


No manglar berre lister, pynteklossar, mønekryss og rekkverk på huset utvendig, og selvfølgelig eit par strøk maling.

Nesten alle deleveggane er kome opp både oppe og nede. Her er bildet tatt frå soverommet mitt mot bod og klesrom.



Bad


Gjesterom


Det mangler foresten litt søyler utvendig også, men dei kjem forhåpentligvis opp før påske.

Rørlegger har vore her og jobba i to dager, og i morgon kjem elektrikar og ventilasjonsmannen.
Ting får fort framover, og det liker vi! =)


Klem Astrid

mandag 22. mars 2010

Ikkje alltid like lett...

Off!
Det er ikkje berre berre å skulle bygge hus heilt åleine...
I tilegg til å bestemme og bestille all materialen sjølv, er det tusen tlf som må takast kvar dag for å finne ut om det skal vere sånn eller sånn! I dag viste det seg at eg hadde glømt å gi beskjed om to veggar som ikkje skulle settast opp, så det var nokre timar unødvendig arbeid for snekkerane då den eine veggen allerede var sett opp...og unødvendig ekstrautgift for meg :-S

Åååh!!
I kveld er eg berre lei heile huset og alt som har med det å gjere! Gleda meg til alt er ferdig, og det berre er økonomien igjen å bekymre seg for...for det blir hardt! :-S
Så denne kvelden har vore litt tøff...

Eg glømte rett og slett å ta bilete av huset når eg var der oppe i dag, for det var plutselig mange tlf som måtte takast når eg oppdaga problemet med veggen.

Men snekkerane har vore kjempeflinke og effektive i dag. Taket på loftet er nesten ferdig lekta, og som sagt før, var to av deleveggane komt opp.

Håper på ein betre dag i måra.
Må berre gjennomføre eit møte med banken først, og det kan jo bli spennande...

Klem Astrid

søndag 21. mars 2010

Svart, kvitt og grått


I dag har eg funne bilder fra internet og interiørblad. Før syns eg svart, kvitt og grått var veldig kjedelig. Men etter å ha sett forskjellige hus og leiligheter med denne stilen, liker eg det betre og betre.

Sjå berre på desse bileta:


Foto: Bonytt


Foto: Vakre hjem og interiør


Designern Rupert Landendinger har ein nydelig heim med interiør i svart og kvitt
Foto: Sköna hem

Helena och Pelle Hallgren har innreda soverommet i kvitt og grått
Foto: Sköna hem


Bilete frå huset mitt:



Sjekk også ut desse damene sin blogg.
Her er mykje fint interiør i svart og kvitt.


House of Philia
My home

God søndagskveld

Klem Astrid

Oppdaterte planteikningar

Slik ser dei oppdaterte planteikningane ut. Det er litt forandring, men ikkje dei heilt store. No er snekkerane komt så langt at dette er dei siste og endelege teikningane. For seint for fleire forandringar no... =)



lørdag 20. mars 2010

Fasade og loft


Snekkerane har vore her både i går og i dag. Bordkledninga er snart ferdig.


På loftet er veggane ferdig utfora, og klar til elektriker. Det gjenstår litt arbeid med taket, og få opp deleveggane, før elektriker blir kontakta.


Golvet på badet er ferdig støpt



God lørdagskveld til alle

Klem Astrid

torsdag 18. mars 2010

Svart speil

Kvitt speil blei svart. I sommer malte eg dette gamle speilet kvitt. Speilet hadde gullramme før. Gullmålinga som var på ramma før gjorde til at speilet som eigentleg skulle bli kvitt, blei mintgrønt. Det va greit nok det. Men syns det blei myykje bedre når det blei svart!

Før:
Etter:

Speilet er ikkje skittent, berre veldig veldig gammalt :-)

Skapet på bildet under har stått i kjelleren så lenge eg kan huske. Det er nok også veldig gammalt. Det var i utgangspunktet lysbrunt, men eg målte det grått i vinter. Vil ha lister på toppen også, men det får vente :-)

I måra kjem snekkerane å begynner igjen. So framover går det forhåpentlegvis fort :-)

Klem Astrid

onsdag 17. mars 2010

Forandring i planane

Det har vore stille på bloggen min leeenge, og det har skjedd ein del ting sidan sist.
Eg og Ole er ikkje ilag lenger. Veldig trist, men nødvendig. Vi skiltes som gode venner, og det kjem vi til å fortsette å vere.
Huset er sett byggestopp på, og det har ikkje vore gjort noko der på eit par veker. Men i dag var kontrakt med ny snekker i boks, og arbeidet kjem forhåpentligvis igang igjen i løpet av veka.
Det positive i det heile er at eg slepp tenke på å gjere mykje av arbeidet sjølv. No er det berre etterisolering og golvlegging eg skal ta meg av...og eg reknar med å få god hjelp til det =)

Når arbeidet med huset set fart blir det nok meir oppdatering her inne også.

Klem Astrid
Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online