Viser innlegg med etiketten Kreasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kreasjon. Vis alle innlegg

fredag 9. oktober 2009

Dilla på gråvaska korg og "gamle kasser"

Eg har vore veldig dårlig på å oppdatere bloggen min i det siste...og eg må desverre seie at eg tviler på at eg blir bedre på det med det første. Har lite å blogge om for tida. Det kjem seg vel når det skjer meir med huset. Snekkaren kjem neste veke (forhåpentligvis), so då tenker eg det blir meir å blogge om, og lettere å sjå framgang =)
Ellers har eg fått dilla på "gamle kasser" og gråvaska korger. Fint med oppbevaringsplass.





Denne kassa har eg snekkra sjølv av ein gammal sengebotten. Den har fått eit strøk med interiørbeis-drivved. Grå skrift med stempelputer.







Ellers har eg også fått dilla på hekling. Har endelig lært meg å hekle med mønster og ikkje berre fram og tilbake. Mamma var på besøk og gav meg ein leksjon i går kveld =) So no har eg begynt å hekle meg bestemorsteppe i kvit,grå og brun.



God helg til alle sammen =)
Klem Astrid


lørdag 3. oktober 2009

Skjønne lyshus og nytt skap



Eg har laga mitt første skap =) Og må sei meg ganske så fornøgd med det! Eg brukte ein gammal sengebotten og eit par hobbyhyller, ei gammal speilramme og litt hønsenetting.
Desse posane har eg også laga. Dei sydde eg av sekkestrie og brukte stempelputer og svart akrylmaling. Her har eg serviettringane mine og ting og tang som ikkje passer andre plasser....har på følelsen at potter sacen blir fyllt opp ganske fort ;-p





I dag fikk eg pakke fra Lobelia. Der fikk eg to av desse fine lyshusa som så mange andre bloggera har. Dei er kjempesøte, og har fått plass på kjøkkenbordet til eg finn ein betre plass til dei. I tilegg fekk eg det nyaste bladet fra Jeanne d'arc som eg har kosa meg med i ruskeværet i dag.

Ellers har eg vore på jakt rundt heile førde etter sushi, og no er det ingen butikker som selger det lenger!! KRISE! Då blir det salat og pizzarester frå i går.....
Seinere skal eg på besøk til ei venninne som har pussa opp eit gammalt hus i retro-stil. Gleder meg! Kanskje det kjem nåken bilder av det på bloggen i måra...
God lørdagskveld til alle!
Klem Astrid






mandag 20. juli 2009

Pyntekort

I kveld var eg i det kreative hjørnet, og ville pynte opp med detaljer rundt om kring. Det var fram med hobbykassa og printe ut vintage englebilder fra nettet

Klipp og lim!


Litt møbelkrydder

Små dikt blir også fin pynt


Klipp og lim gir mykje papirboss. Det blir til deilig fyr i peisen på en våt sommerkveld.




Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online