Viser innlegg med etiketten Loftsstue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loftsstue. Vis alle innlegg

onsdag 2. februar 2011

Loftsstue


Loftsstua har endelig fått litt fleire møblar.
Speilet kjøpte eg eigentleg for å ha på badet, men det var for stort.
Tv-benken manglar ein tv, men den får komme etter kvart...


Bordet er heimelaga - av meg.



...og ja, bileta er frå IKEA, og medfølgande innmat er fortsatt inn i rammene i påvente av betre motiv.


Biletet er måla av meg.
Stolen har eg pussa opp og trekt om igjen.


Lysekrona er ny. 
Eg leita lenge etter lampe som passa på loftsstua, og fann til slutt denne. 
Eg er veldig fornøgd med resultatet.

Klem Astrid

torsdag 21. oktober 2010

Loftsstua


Bilete av loftsstua trur eg ikkje eg har vist før.
Eg må innrømme at den aldri er blitt brukt...bortsett frå som overnattingsplass på eit seint nachspiel i sommar då alt av soveplasser var opptatt fra før :-p

Loftsstue med trappeopning


Gammal sjenk frå farmor og besten...om ikkje endå gamlare...


...det samme er speilet

Her er det komt snø, men heldigvis er vinterdekka også komt på, så det gjer ingen verdens ting! =)
Koselig med snø...så viser ikkje alt det uferdige rundt huset på utsida!

I morgon reiser eg til Løvsøya på Møre i 80 årsdag til min kjære, spreke morfar...eller gofar som vi kallar han =)
Ønsker alle ei god helg!

Ps. Håper å få vise eit ferdig kontor i løpet av neste veke...tok lengre tid enn planlagt.

Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online