Fredagen etter vi kom fram fekk vi middag og vin. Etter middag gikk turen i boblebadet som står bak huset. Det var kjempe herlig å bade utendørs seint på kvelden.
Uteboblebad står definitivt på ønskelista til nye huset.

Lørdag gikk turen ned til badestampen og badehuset i fjøra. Badestampen har onkelen min laga sjølv. Vatnet i stampen er på rundt 40 grader. Kjempe deilig! Her sitter vi seine kvelder å ser ut over sjøen, gjerne med eit glas vin i handa. Badehuset er innreda med vedovn og bord og stoler, så her er det fint å innta grillmat etter eit langt bad.

Inne i badehuset står det her skapet. Det tilhørte oledemora til onkelen min, og det blei i dei dager brukt som kjøkkenskap og benk. Det er ikkje gjort nåke med sidan den tid, så alt av slitasje er ekte.

Gjestebok og badeand må det vere i eit badehus =)


På gården ligg det eit gammalt stabbur. Dette blei brukt som butikk i gamle dager. Det var butikk der fram til ca. 1930. Den gamle kjøpmansdisken og hyllene står den dag i dag fortsatt som det gjorde for 80 år sidan.

Kva skjuler seg bak denne døra tru?
Her var det mange gamle skilt. Det hadde vore mange fleire, men desse er uheldigvis blitt stjelt, og sannsynlegvis solgt. Slike orginale skilt er ganske ettertrakta.



Det var også lagra gamle møblar i stabburet. Eg fann blandt anna to av dette nattbordet. Du ser det kanskje ikkje så godt på bildet, men nattbordet er malt i ein lys blåfarge. Det var kjempe fint, og trengte egentlig ikkje nåke oppussing. Det andre nattbordet var malt i ein lys mintfarge.

Dette nydelige gamle bordet var også lagra her. Det hadde blitt kjempefint med litt pussing og ny maling. Bordet og nattbordet tilhøyrer faren til onkelen min, så dei blir nok sannsynlegvis ståande på stabburet i mange år framover.

Etter litt historiske bilder gjekk turen til stranda på baksida av øya. Etter mi meining er dette Norges finaste strand!

Sjekk ut det deilige vatnet!

På kvelden gjekk turen til naboøya og sjøbuda der bursdagen skulle vere. Søskenbarnet mitt og mannen hennar annkom bursdagen i denne båten.

Båten heiter "A vida boa" som betyr "Det gode liv". En sånn båt står også på ønskelista, men trur nok aldri det ønsket går i oppfylling...

Sjøboda var innreda i ekte maritim stil. Alt var veldig gjennomført, og kjempe koselig.



Baren i sjøboda var laga av eit gammalt styrhus. På innsida var det både ror og ei gammal dykkermaske.

Borda var pynta med bland anna båtar, stein og fyrtårn.

Vi hadde alt i alt ei kjempe fint helg med mange
fine opplevelsar.
Klem fra
