søndag 19. juli 2009

Velkommen inn på soverommet




Då var endelig somerommet nedvaska. Det har tatt heile tre dager å bli ferdig. Eg begynte fredag, men været var egentlig for fint til å vere inne, så eg utsette det til lørdag. Lørdag fikk eg plutselig besøk, så resten blei tatt i dag. Her er nåken bilde av resultatet.

Før hadde eg nåken kjempefine leselamper som stod på nattborda, men Ole meinte det var Alt for dårlig leselys, og skifta dei derfor ut med dei som henger på veggen no. Eg er ikkje heilt fornøgd med det, men nåken kompromiss må en jo inngå. Hadde han berre klart å skjult ledningane som han ned også...


Lappeteppet kjøpte eg på Herlighet i Ålesund. Det var ikkje billig, men angrer ikkje på at eg kjøpte det =)

Kista er gammal og stod i huset då besteforeldra mine budde her. I kista oppbevarer eg sengekle.




Speilkommoden er også gammal, og har stått i huset sidan besteforeldra mine budde her. Den har fått eit par strøk maling og nye knotter sidan den gangen. Nattborda er samme som kommoden. Vi har ei dobbeltseng i samme serien, men den sparer vi til nyehuset er ferdig. Då skal den også få eit par strøk maling og plass på gjesterommet.



Ei gammal skål med farmor sine gamle brosjer, en pose med duklodd, det gamle lommeuret til besten og det gamle dørskiltet til besten og farmor. Gamle skatter eg er kjempeglad i =)



Gamle bøker har vi masse av, og er fine og pynte med rundt på kommoder og skjenker.


Den gamle husstellboka eg la ut bilde av i går er fra 1938 og har tilhørt oldemora mi. Den ligg egentlig på stua, men eg tenkte eg skulle skrive litt meir om den i dag sidan innlegget i går var en liten hastesak. I boka står det om alt fra matlaging og kosthald til korleis vaske kle og andre husråd...veldig nyttig =) I tillegg inneheld den mange gamle oppskrifter. Eg har prøvd å få Ole til å lese i den, men han var ikkje særlig interessert!


Den gamle kommoden er også arv frå besteforeldra mine. I den oppbevarer eg sengkle og blad.







Oppå kommoden står det eit gammalt bilde av oldemora mi og bryllupsbildet av besteforeldra mine.



Denne gamle ovnen er kjekk å ha på kalde vinteren i eit gammalt hus som ikkje er isolert. Den fyrer vi opp i ein time før vi legger oss, så er det godt og varmt når det er leggetid. Den kan vi også lage mat på om vi skulle finne på det eg gang...det er vel ikkje ofte soverommet blir brukt til matlaging, men kem veit...kanskje en gang?




Desse englane fikk eg til jul av ei venninne ein gang. Dei ligg fint i vinduskarmen.

Klem

lørdag 18. juli 2009

Litt smådetaljer i farten

I går var det så fint vær at loftsprosjektet mitt kom i siste rekke. I dag har eg besøk av fire gode venninner. Vi har laga god mat, kjøpt snop, vin og skal sjå Twilight (skikkelig romantisk jentefilm)...en ekte jentekveld. Kjempe koselig! =) Med andre ord har det vore lite tid til blogging.

Så her kjem nåken bilder fra sist vekes kreative hjørne. Veldig inspirert av bloggen til Liv - Livs Lyst.








God helg til alle sammen.

Klem

torsdag 16. juli 2009

Ha de på badet - små detaljer

I dag har eg vaska ned heile første etasje i huset. Og då meina eg vaska ned og! Eg skrubba vasken på badet med tannkost! Messing armatur er ikkje berre berre å halde reint...
Ei utriven side fra ei gammal bok eg fann på brukthandelen, silkeband rundt og ei perle fra eit gamalt armband.

Den underste såpa fekk eg med som ekstra gave i pakken eg fikk fra Lune hjem, den lukter deilig lavendel. Den øverste såpa er ei kryddersåpe fra Syria.

Eg har laga tellekant på alle handkler, kasta gammal sminke, kremer, hårprodukt ol. Litt av en jobb, men bra blei det! Då va det klart at øyeblikket måtte forevigast. Det er ikkje lenge badet held seg så reint. Store kvite bokstaver som staver BAD er under konstruksjon, men stikksaga til Ole fjuska litt, så dei må vente til den er fiksa =)
Desse korgene kjøpte eg på tirsdag for 10 kr. på brukthandel. Dei har fått eit lag med kvitspray.

Denne lille kommoden bruker eg som smykkeskrin.
I morga skal loftet til pers...kanskje det kjem eit par godbiter derfra på bloggen i morga =)

Klem



Shopping i Ålesund

På mandag var eg på shopping i Ålesund, måtte jo bruke litt penga når lønna var komt på konto =)
Herlighet - en kjempe herlig butikk på Moa utanfor Ålesund

Kjempe fine stoler som no står på mi ønskeliste
Quiltteppet kjøpte eg på Herlighet
"Saueskinnet" kjøpte eg for 85 kr. på Kid

På Tante Bruun kjøpte eg desse bokstavane

Og desse fine boksane
På brukthandelen i Førde fann eg dette fatet til 60 kr. Steinane fikk eg med meg frå brulløpet. Dei som husker innlegget mitt om Oppsummering av ei flott helg, husker kanskje at desse var brukt som bordpynt. Steinane skal eg skrive på seinere, men har ikkje fått tid til det endå
Denne fil de fer skåla fann eg også på brukthandel, betalte 10 kr. for den
Fil de fer er det franske navnet på gjenstander laget av tvunnet ståltråd. Det finnes et utall variasjoner av de sjarmerende arbeidene som har tjent som redskaper i kjøkkenet, og til oppbevaring og innhøsting av frukt, grønnsaker og nøtter. Tidligere var fil de fer en kjærkommen måte å skaffe seg inntekt på, for omstreifere og fattigfolk på den franske landsbygda. Ståltråd var et billig råmateriale, og hadde man en tang og et godt håndlag så var man i stand til å lage flotte gjenstander som kunne byttes bort i mat eller husly for natten. Også her hjemme finner man spennende gjenstander laget av reisende, som gjerne kalles fantearbeid. Nyproduksjoner av fil de fer er blitt veldig populært inntil den franske landstilen
Kilde: Lune hjem


onsdag 15. juli 2009

Lite skap før og etter og brukthandel

Off, i dag blei det seint! Eg har fått blod på tann når det gjelder å male gamle møbler, så eg har holdt på i heile kveld med å male hyller og skap. I går var eg på brukthandel og fann masse fint (tinga var ikkje så veldig fine, men har potensiale til å bli veldig fine). Eg visste faktisk ikkje at vi hadde brukthandel i Førde, så det var en kjempe nyhet for meg! =)


Dette skapet stod på badet før.

Skap før:


No har det fått plass i stua.


Skapet er måla i ein svak mintfarge.


Skap etter:


Litt diverse eg kjøpte på Herlighet i Ålesund.


Dette serveringsbrettet fann eg på brukthandelen.


Brett før:



Brettet er også måla med mintfarge.


Brett etter:


Eg brukte eit stempel med fransk skrift for å lage trykket på brettet.


Stempelet er ikkje så stort, så eg har trykt det 3 ganger etter kvarandre.




Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online