
Då nærmer det seg trekning av konkurransen min. I morga kveld annonserer eg vinneren på bloggen min. Det er fortsatt mulighet å vere med i trekninga. Sjå innlegget Konkurranse hos meg.
Eg rekner med det er mange interiørinteresserte som allerede har denne boka, og eg tipper dei er alle like fornøgde med den som eg er! =)
Ellers har det vore lite aktivitet på bloggen min denne veka. Etter å ha vore tilbake på jobb i tre veker etter ferien, kjennast det godt på kroppen! Styrer og alt av pedagogisk personale er på ferie, og eg har dermed hatt fullt annsvar for heile barnehagen i tre veker. Eg er glad eg slepp dette annsvaret til vanleg. Alt har gått bra til denne veka starta. Mandagen starta med skade i ryggen og legebesøk. Legen ville egentlig sjukmelde meg, men med situasjonen på jobb, var det ikkje mulig for meg og ta imot sjukmeldinga.
Alle har vore veldig greie med meg på jobb, og eg har sluppe unna dei tyngste løfta. Men i dag kjenner eg det at ryggen min ikkje har det bra! Det er godt det snart er helg igjen...
Off...no blei det mykje sutring føler eg, men godt å få det ut også =)
Ellers har gravinga stått stille i snart ei veke. Håper dei kjem igang igjen på fredag. Eg har igrunn ikkje hatt tid å irritere meg over kor sakte det har gått denne veka, og det er vel første gang sida vi begynte med husbygginga.
Håper neste veke blir litt roligere og smertefri enn denne....
Ha en fortsatt fin kveld.
Klem
