søndag 22. november 2009



Heisann!
Eg vil takke alle for kommentarane dei har lagt igjen på bloggen min. Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å oppdatere bloggen eller svare på nåken av kommentarane, og har veldig dårlig samvittighet for det =( Men eg setter veldig stor pris på alle kommentarar, og eg leser kvar og ein av dei! Eg har faktisk ikkje lest eit blogginnlegg på 4 veker, og har ikkje fått med meg nåke av det som skjer her inne siste mnd. Håper å komme sterkere tilbake når huset er ferdig.

Som dokke kanskje skjønner er vi begynt å jobbe inne i huset no, og kveldane framover kjem til å gå med på å lage klart golvet for støyping. Når golvet er støpt, skal vi begynne å isolere.
Ellers er taksteinen begynt å komme på, og takvindua er sett i, men dei er dekka til med svart plast på bildet. (Bilda er litt dårlig, dei er tatt med mobil.)






I helga var eg i Bergen på Mew konsert. Den var heilt fantastisk! Den beste konserten eg har vore på nåken gang! På lørdag var vi på vindusshopping. Her er litt bilder fra Slettvoll showroom og ein anna nyopna butikk i Bergen som eg ikkje huska namnet på :-S Eg var innom Riviera Maison også, men glømte å ta bilder då eg var så opptatt med å sjå på alt det fine dei hadde der!












Klem Astrid

mandag 9. november 2009

Dag 18 med snekker

I dag har snekkeren begynt å kle huset, og nesten alle vindua i første etasje, pluss nokre i andre etasje er sett inn.

Utsikt frå soverommet i 2 etasje:

Klesrom og bad i 2 etasje:












Bordkledninga begynne å komme på:





Klem Astrid =)

Dag 17 med snekker

Det har vore dårlig med oppdatering her i det siste. Bloggelysta er ikkje på topp for tida. Men her kjem ei oppdatering på korleis huset sår ut før helga.


torsdag 29. oktober 2009

Dag 9 med snekkerar

I dag er alle takstolane komt på. I morgon eller etter helga begynne dei forhåpentligvis å legge undertaket =)




Klem Astrid

tirsdag 27. oktober 2009

Halve taket på plass


I dag kom takstolane, ein dag før tida faktisk! Ein positiv overraskelse. I dag har altså halve taket komt opp, reknar med at resten av takstolane kjem på i løpet av morgondagen. Framgangen er veldig tydelig, og det er kjempe kjekt å følge med. Eg ser faktisk huset fra jobb, så det blir kasta ein del blikk ned i løpet av dagen.
Bilda er litt dårlige sida det blei mørkt før eg kom meg ut for å ta bilder

Inngangspartiet


Loftet


Kan ikkje klage på utsikten vi får fra soverommet





Kjem tilbake med meir oppdatering og betre bilder i morgon =)
Klem Astrid










onsdag 21. oktober 2009

Vegger

No begynner huset å ta form =)
Beklager at eg ikkje svarer på kommentarer for tida, men har egentlig ikkje tid å lage innlegg ein gong. Masse so skjer, og eg er aldri heime :-§
Kjem sterkere igjen seinere....forhåpentligvis!
Klem Astrid

søndag 18. oktober 2009

En deilig Søndag


I dag har eg vore med mamma på fjelltur. Turen gikk til Eikåsnipa som ligg 826 moh. På toppen er det ei fantastisk utsikt over fjelltoppane i nærleiken, Førde og Jølster.


Eikåsnipa er eit av mine favoritt fjell. Det tar ikkje langt tid å nå toppen, og utsikta undervegs og på toppen er fantastisk. I tilegg er det to "toppar" på denne fjellturen. Ein kan velje å berre gå halvvegs opp. Då kjem ein til støylane som du ser på biletet over.

I dag har eg kjøpt mitt første hageblad. No skal hagen planleggast, og det treng eg inspirasjon til, for hage har eg NULL peiling på!
Til min store overraskelse var det komt ny utgave av Vakre hjem og interiør også. Og eg som trudde det kom i måra. Då var Søndagskvelden redda =)

Her ser du pusen som kosar seg i det nye teppet frå Kid. Det var ikkje lenge eg fekk ha det for meg sjølv =)

I måra kjem endeleg snekkaren og byrjar å røyse huset vårt. Dei har vore her og laga klart utstyr og sett opp brakke, så i måra byrjar arbeidet, JIPPI! Og eg har ein feriedag i måra, så eg kjem til å snare rundt føtene til snekkarane heile dagen =)

God søndagskveld til alle!

Klem Astrid




Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online