torsdag 10. desember 2009

Vi har fått golv med varme!

No er golvet endelig ferdig støpt! Rørleggeren var her i går og la ferdig røra for vannbåren varme, og i dag tidleg tidleg, faktisk før kl. var 07.30 var dei her og støpte golvet vårt. No må det stå og tørke ut litt før vi kan begynne med isolasjonen. Beklager litt kjedelige bilder, men har ikkje så masse nytt å vise.
Kjøkkenet, med rør til vasken (før golvet blei støpt)
Fra kontoret, inn mot stua
Stue og spisestue



Klem Astrid


tirsdag 1. desember 2009

1 desember

Då var det advent igjen, og huset er relativt reint og litt av pynten er kome fram. Eg har slengt med med på shabbyjuletre-i-bøtte-trenden. Egentlig er det litt for masse pynt for meg før jula kjem, men syns det er så fint med eit lite "stygt" tre i gangen =)






Julestjernene er på plass, men ikkje ledningane. Like frustrerande kvart år. Kanskje det blir fiksa til julaftan...?


Heimelaga adventsstake er minst like fint som kjøpt!









God advent til alle =)
Klem Astrid





Takstein på plass

Det er ikkje lett å ta bilde av huset no når mørketida har sett inn. Det er mørkt når eg reiser på jobb, og mørkt når eg kjem heim. Men lørdag nytta eg meg av dagslyset og tok litt bilder av huset. Snekkeren var på plass sjølv om det var helg. Taket måtte bli ferdig før snøen kom. Og det gikk akkurat =)











søndag 22. november 2009



Heisann!
Eg vil takke alle for kommentarane dei har lagt igjen på bloggen min. Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å oppdatere bloggen eller svare på nåken av kommentarane, og har veldig dårlig samvittighet for det =( Men eg setter veldig stor pris på alle kommentarar, og eg leser kvar og ein av dei! Eg har faktisk ikkje lest eit blogginnlegg på 4 veker, og har ikkje fått med meg nåke av det som skjer her inne siste mnd. Håper å komme sterkere tilbake når huset er ferdig.

Som dokke kanskje skjønner er vi begynt å jobbe inne i huset no, og kveldane framover kjem til å gå med på å lage klart golvet for støyping. Når golvet er støpt, skal vi begynne å isolere.
Ellers er taksteinen begynt å komme på, og takvindua er sett i, men dei er dekka til med svart plast på bildet. (Bilda er litt dårlig, dei er tatt med mobil.)






I helga var eg i Bergen på Mew konsert. Den var heilt fantastisk! Den beste konserten eg har vore på nåken gang! På lørdag var vi på vindusshopping. Her er litt bilder fra Slettvoll showroom og ein anna nyopna butikk i Bergen som eg ikkje huska namnet på :-S Eg var innom Riviera Maison også, men glømte å ta bilder då eg var så opptatt med å sjå på alt det fine dei hadde der!












Klem Astrid

mandag 9. november 2009

Dag 18 med snekker

I dag har snekkeren begynt å kle huset, og nesten alle vindua i første etasje, pluss nokre i andre etasje er sett inn.

Utsikt frå soverommet i 2 etasje:

Klesrom og bad i 2 etasje:












Bordkledninga begynne å komme på:





Klem Astrid =)

Dag 17 med snekker

Det har vore dårlig med oppdatering her i det siste. Bloggelysta er ikkje på topp for tida. Men her kjem ei oppdatering på korleis huset sår ut før helga.


torsdag 29. oktober 2009

Dag 9 med snekkerar

I dag er alle takstolane komt på. I morgon eller etter helga begynne dei forhåpentligvis å legge undertaket =)




Klem Astrid
Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online