søndag 10. januar 2010

Mitt bad





Eg kastar meg på utfordringa til NIB om å vise fram badet mitt. Her er litt nye bilder og litt gamle bilder som kanskje nokon har sett frå tidlegare innlegg.





















Armatur, lamper, handkleholder og dorull er alt fra Vedum bad , Louis kolleksjonen








Eg tenner vanlegvis aldri lys på badet, men tenkte det var lurt for anledningen =)































Lesestoff må ein ha på badet =)











Klem Astrid

Isolasjon

Kjøkken

Fra gangen mot spisestua

Isolasjonen i 1 etasje er endeleg på plass. Temperaturen i huset er faktisk ikkje så gale no, og veldig fin å jobbe i. Ikkje for kaldt og ikkje for varmt. I måra skal Ole legge plast på veggane og kanskje begynne så smått med ventilasjonen.


Vi har allerede fått leigebuar. Sjora Vigdis bur i mønet på inngangspartiet. Der har ho budd sia midten av desember. Ho er på plass kvar kveld =)

Til slutt eit lite stemningsbilete av gamlehuset på gården. Sjølv om det er kaldt, er vinteren ei kjempe fin tid. Nyehuset vårt ligg rett bakom.




Ønskjer alle ei fin veke!
Klem Astrid

lørdag 9. januar 2010

Kjøkken på nyåret

Bilder frå kjøkkenet i dag

Den kalde vinteren fortsetter. I dag tidleg var det 1 grad på soverommet! I natt må eg oppgradere soveantrekket til lue og vottar. I dag skal siste del av isoleringa i nyehuset gjerast ferdig. Vi skal begynne å lage spikerslag til lettveggane i 1 etasje. Ting tar tid, men eg ser virkelig fram til å ha eit varmt hus neste vinter...
Klem Astrid

fredag 8. januar 2010

Før og etter

Desse pottene har ikkje alltid sett slik ut...
Før:

Først var dei svarte, så blei dei lysgrå, så blei dei slik...

Etter:



I malinga blanda eg inn litt finfin sand, så smurte eg inn pottene med antikkvoks i fargen mørk eik. Dette tipset og fleire smarte tips finst i boka "Innred og dekorer ljust og lantligt".



Desse pottene har fått samme behandlinga. Har desverre ikkje bilde av dei før. Men dei var ein gong brune, så blei dei spraya med sinkspray, og på tirsdag blei dei slik =)

Klem Astrid

Ut med jula

Vinteren har virkelig satt inn for fullt. Det viste -21,4 grader i kveld, og i huset var det 4 grader når eg stod opp i dag tidleg. Brrr...sånn kulde er eg ikkje vand med. Vertfall ikkje så lenge. Heldigvis har vi ubegrensa med ved, då pappa eig masse skog, så det er berre å sprengfyre! Varmepumpa har tatt kvelden, så det er kun stua og badet som har levelig temperatur.



Ellers har eg kasta ut jula...rekordtidlig for å vere meg! Eg vil helst at jula skal vare heilt til sommern, men i år veit eg ikkje kva som kom over meg...?
Men enkelte ting får stå sjølv om jula er ferdig. Som til dømes englane mine, hjarter og litt anna pynt som ikkje er veeeldig julete =)





Litt ommøblering må til når jula blir kasta ut, alt blir så tomt...





...og litt fornying av interiøret




Godt nytt år til alle sammen!
Klem Astrid












onsdag 30. desember 2009

Romjul og Nyttår


Endelig har eg summa meg til å lage eit nytt blogginnlegg...det begynner å bli ei stund sidan sist. Her på Vie har det stort sett gått i husbygging før jul, og stresspynting til jul lillejulaftan, før vi tok ein etterlengta juleferie. Det siste eg har tenkt på i ferien er blogging, men no var det på tide å gje ein lyd frå seg.
Juleværet har vore perfekt i Førde, som i resten av landet. Mykje snø, kaldt og sol nesten heile jula.


Mykje god mat har det blitt, og slik ser eit dekka julebord ut hos meg.



Juletreet blei plukka ut på 5 min, og pynta på 15 min. Altså ikkje så veldig pirkete gjort, men blei bra alikevel...
Eg er ikkje fan av så mykje fargar, men nokre innslag av rødt og grønt må det vere i jula. Ellers klarer eg meg fint med minst mulig fargeblandingar.















Husbygginga går framover, men vi har tatt pause i jula. Før jul fikk vi isolert ferdig første etasje, med hjelp frå gode venner. Håper folk er like hjelpsomme på nyåret =)
God Jul og Godt nytt år til alle sammen!
Klem Astrid





















Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online