torsdag 18. mars 2010

Svart speil

Kvitt speil blei svart. I sommer malte eg dette gamle speilet kvitt. Speilet hadde gullramme før. Gullmålinga som var på ramma før gjorde til at speilet som eigentleg skulle bli kvitt, blei mintgrønt. Det va greit nok det. Men syns det blei myykje bedre når det blei svart!

Før:
Etter:

Speilet er ikkje skittent, berre veldig veldig gammalt :-)

Skapet på bildet under har stått i kjelleren så lenge eg kan huske. Det er nok også veldig gammalt. Det var i utgangspunktet lysbrunt, men eg målte det grått i vinter. Vil ha lister på toppen også, men det får vente :-)

I måra kjem snekkerane å begynner igjen. So framover går det forhåpentlegvis fort :-)

Klem Astrid

onsdag 17. mars 2010

Forandring i planane

Det har vore stille på bloggen min leeenge, og det har skjedd ein del ting sidan sist.
Eg og Ole er ikkje ilag lenger. Veldig trist, men nødvendig. Vi skiltes som gode venner, og det kjem vi til å fortsette å vere.
Huset er sett byggestopp på, og det har ikkje vore gjort noko der på eit par veker. Men i dag var kontrakt med ny snekker i boks, og arbeidet kjem forhåpentligvis igang igjen i løpet av veka.
Det positive i det heile er at eg slepp tenke på å gjere mykje av arbeidet sjølv. No er det berre etterisolering og golvlegging eg skal ta meg av...og eg reknar med å få god hjelp til det =)

Når arbeidet med huset set fart blir det nok meir oppdatering her inne også.

Klem Astrid

tirsdag 23. februar 2010

Golv og vegger

Vindfang sett frå gangen

Dårlig med oppdatering på bloggen for tida. Men har ikkje hatt så masse å skrive om siste tida. Husbygginga går sakte, men sikkert framover, og no er huset ferdig isolert, vi har fått golv i 2 etasje, og nokre av veggane er begynt å komme opp.
Målet er at det skal vere klart til elektriker og rørlegger i begynnelsen av Mars, men akkurat no ser det ut som det blir litt knapt...

Badet i 1 etasje sett frå gangen

Vaskerommet sett frå kjøkkenet


Hovudsoverommet i 2 etasje sett frå loftstua

Gjesterom 2 etasje

Loftstue og trappehol

Bad i 2 etasje


Klem Astrid


mandag 22. februar 2010

DAY Birger Mikkelsen teppe

Nåken som veit om ein kan få tak i teppe frå DAY Birger Mikkelsen i Norge?
Vil ha eit sånt teppe i stua =)
Klem Astrid

onsdag 20. januar 2010

Slik ser kjøkkenteikningane våre ut. Eg har tegna litt på dei for å vise korleis eg tenker med benken og kjøkkenøya. Ikkje så veldig fint teikna, men det blir bedre på ekte =)




Skapa over platetoppen skal senkast litt, slik at det blir litt vegg mellom skapa og taket, slik det er over skapa ved sidan av.



Slik blir kjøkkenet sett fra spisestua. Det skal vere open løysing mellom spisestue og kjøkken.


Kjøkkenet vi skal ha er fra Marbodal. Det blir enten Form kvit eller Lindø kvit.

Form Kvit:




Lindø kvit:





Form kvit:




Lindø kvit:



Drivved benkeplate:


Klem Astrid

onsdag 13. januar 2010

Lampe

I spisestua vil eg ha 2 industrilampe over spisebordet. Eg syns denne lampa fra Riviera Maison er kjempe fin, men eg finn den ikkje på heimesidene deira. Nokon som veit om den fortsatt fins i sortementet deira? Dette bildet er henta frå Klikk.no



Eg syns også desse 2 lampene frå Lene Bjerre er fine. Eg heller vel mest mot den første, men syns også den nederste er veldig fin =)






I dag er plasten komt på veggen i heile 1 etasje. I måra fortset Ole Christian med å lage spikerslag i taket.

Klem Astrid



mandag 11. januar 2010

Baderoms inspirasjon




Eg blei inspirert av baderomsinnlegget i går, og lager derfor eit nytt innlegg om bad i dag, men i dag blir det inspirasjonsbilete frå Vedum sin baderoms kolleksjon Louis
Hadde det ikkje vore for prisnivået på dette badet, hadde vi nok valt det i nyehuset. I staden for skal vi lage baderomsinnredninga sjølv av fliser i forskjellige størrelsar...blir nok fint det også =)


Appropo bad! I natt har eit vassrør i kjelleren sprukke, så i dag har vi null vatn i dusj og spring, og masse vatn i kjellaren! Håper rørleggeren kjem fort, så vi får vatnet tilbake.

















Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online