mandag 9. august 2010

På badet...


I dag er det hovudbadet som står for tur.
Fotoapparatet mitt er tom for batteri, så bileta er tatt med mobil kamera, og er difor ikkje av så veldig høg kvalitet.
Skapdøra på biletet ovanfor, er til skittentøyssjakta


Den gamle stigen fann eg i kjellaren på gamlehuset.
Eg saga den i 2, og vips så hadde eg ein handklehaldar




Eg er eigentleg ikkje så glad i skapet over vasken, men ettersom eg valde å ha den baderomsinnredninga under vasken, måtte eg ha litt ekstra skapplass





Ellers er redigeringsprogrammet på bloggen min heilt på jordet i dag, så eg får ikkje redigere bileta og oppsettet på dette innlegget slik eg vil, men det får gå for denne gong...

Ha ei fortreffeleg veke =)

Klem Astrid

mandag 2. august 2010

Gang og gjestebad

Då va det på tide å vise dokke meir frå nyehuset.
I dag skal de få sjå gangen og gjestebadet.


Vi byrjar med gangen





Biletet er teke frå vindfanget og inn mot hallen

Sjenken på bildet under var besteforeldra mine sin.
Den var i utgangspunktet lysere brun, men eg har måla den i brunsvart
.








Gjestebadet

I morgon reiser eg på min første ferietur i år.
Turen går til Folkestad der vi skal på hytta til ei venninne. Håpar på litt sol for ein gongs skuld. Sommeren har regna vekk for min del... Og ikkje kan eg skryte på meg at eg har fått gjort mykje inne heller, for det har eg ikkje! Eg har gått 110% i feriemodus, og sove og slappa av heile ferien

God sommar videre!

Klem Astrid

tirsdag 13. juli 2010

Kjøkken, spisestue og stue


Då har eg endeleg somla meg til å ta bilete av nyehuset.
Det gjennstår fortsatt litt småting her og der før alt er heilt ferdig, men det går sakte, men sikkert framover.


Først litt bilete frå kjøkkenet


Bak platetoppen skal det etterkvart komme fliser






Skyvedøra på biletet over, går inn til vaskerommet, men det rommet får de sjå ein anna gong


Spisestua, sett frå kjøkkenet

Peisen i spisestua, sett frå kjøkkenet


Lesekroken i stua



Tv-kroken, sett frå kontoret


Sofakroken framfor tv'en

Svar på spm. frå forige innlegg:

Heims lille verdenshjørne : Armaturet bestilte eg frå Hjem og villa, er veldig fornøgd med det =)

Anonym: Flisene er av merket Lafaenza, og er kjøpt på XL-bygg.

Fleire bilete frå nyehuset kjem iløpet av ikkje so alt for lang tid =)

Klem Astrid

fredag 11. juni 2010

Snart innflytting

Då nærma det seg innflytting, og ting begynne å bli ferdig.
Eg har fått vatn og straum.

Gjestebadet:

Vaskerommet:

Kassen som er bygd over høgskapet skal selvfølgelig malast i samme farge som resten av veggen. Bildet av vaskerommet blei tatt i går. I dag er vaskemaskina, skuffer og armatur også komt på plass.

Peisen, ferdig pussa. Den skal målast kvit i måra =)
Ytterdøra i vindfanget er midlertidig. Dooria hadde laga feil farge på døra, så den måtte returnerast. I mellomtida må eg ha den røde døra. Døra eg eigentleg skal ha er brunsvart.


Spisestue og kjøkken sett frå gangen:


Badekaret som skal innbyggast:

Heimelaga (av proffesjonelle) baderomsinnredning:

Kjøkken:


Over platetoppen skal det komme kvite lister der plankane er, men desse listene kjem ikkje før neste veke.

Ved sida av steikeomn og mikro er kjøleskapet innbygd.
Kjøkkenøya er på plass. Ein ting som irriterer meg litt er at kjøkkenøya ikkje står midt på ventilator og platetopp, men det må eg berre bli vand med...

Vasken på kjøkkenet er ikkje kobla til endå.
Vasken er kjøpt på IKEA, og manglar vannlås.
Ikkje visste eg at det måtte kjøpast ved sida av, men det er jo typisk IKEA :-S
Den blir kobla til på mandag, når vannlåsen er på plass.

No blir det nok ikkje fleire blogginnlegg frå meg før eg er på plass i huset, men eg håper det er til neste helg, eller rett over helga =)

God helg!

Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online