torsdag 30. september 2010

Gjestebad

I dag viser eg bilete frå gjestebadet.
Biletet i speilet måla eg sjølv i fjor.



Det gamle brune skapet mitt, som blei lysegrønt, for so å bli lysegrått







Krakken bygde eg på sløyden i 5 eller 6 klasse. 
Den blei måla grønn i fjor.


I dag bestillte eg mi første økonomibok... so no blir eg student igjen =)
I 2004 gikk eg 1 år på BI i Bergen. 
Etter første året flytta eg heim igjen og begynte på førskulelærer i Sogndal i staden for.
No vurderer eg å fullføre bachelor i økonomi og administrasjon over nettet.
Eg har allerede mange fag frå første året som eg kan bruke, og bygge videre på.
Eg vil fortsette å jobbe i barnehage heile tida mens eg studerer, så det ikkje går ut over økonomien.
Å bygge nytt hus er jo ikkje akkurat gratis :-S

Klem Astrid






tirsdag 28. september 2010

Kontraster

I dag hadde eg ingenting å skrive om, før eg las blogginnlegget til Anette fra Anette's hus. 
Kontrastfargar er noko eg har mykje av i huset mitt. 
Eg er veldig glad i kontraster. 
Syns det blir voldsomt når alt skal vere kvitt, kvitt og atter kvitt!







Så her er mitt bidrag til Anette's utfordring

Klem Astrid



fredag 24. september 2010

Nytt i stua


Gyngestolen hadde eg i gamlehuset før vi flytta.
 Eg har vore usikker på kvar eg skulle sette den i nye huset. 
Foreløbig står den framfor peisen.
Skapet har stått i kjelleren til besteforeldra mine så lenge eg kan huske.
Det var i utgangspunktet brunt, men eg har malt det lysgrått.



Over fjernsynet har det kome opp nye hyller


Fredagen har eg tilbragt i senga.
Eg har hatt haueverk heile veka, og i dag tidleg var det så gale at eg ikkje kom meg ut av senga =(
Eg er heldigvis litt betre no, men kryssar fingrane for at morgondagen blir endå betre, for då skal eg på rafting...
Eg har aldri rafta før, og må innrømme at eg grugledar meg :-S
Elva er veldig stor, så det kan bli ein våt og kald fornøyelse!

God helg til alle
Klem Astrid

søndag 19. september 2010


Bilderas frå kjøkkenet i dag








Fint med litt ledningar på biletet...:-p






No skal eg kose meg med brownies, kaffi og blogging ;-)


God Søndag til alle!

Klem Astrid

Hallen


I kveld viser eg bilder frå hallen.
Litt ommøblering sidan sist.
Kista frå stua har fått plass her og nye bilete er kome på veggen...og fleire skal det bli.


Trappa har fått nye tepper.
Trappa var glatt å gå i, og blei fort stygg av støv og riper.
Teppa gjorde til at trappa ser betre ut, er betre å gå i, og beskyttar trappa mot riper og skader.


Lysa er aldri tende i trappa til vanleg, men ein gong måtte vere den første... :-p

God Lørdagskveld og Søndag til alle

Klem Astrid

onsdag 15. september 2010

Vakre kjøkken



Eg skulle egentlig lage eit innlegg om mitt eget kjøkken, men det får bli ein annan gong. 
Flisene er endeleg ferdig fuga, men manglar silikon og nokre lister, så det er ikkje bloggbart endå...


Pared down style


Vintage chic


Sociable kitchen






Soft grey kitchen


Alle bilete frå Home and Gardens

Klem Astrid

tirsdag 14. september 2010

Velkommen inn


Velkommen inn...


Døra er skifta, og endeleg fekk vi riktig farge på den!
Det skulle ikkje vere lett...
Sidan fargen ikkje er standardfarge, men spessialbestillt, har vi ingen garanti på døra.
Vi får satse på den held seg fin leeenge 
Døra manglar lister, men dei kjem forhåpentlegvis på i løpet av nokre veker. 
Vi venter på at snekkeren skal få tid å komme å gjere seg ferdig med dei resterande tinga


Rekverket er heller ikkje måla. 
Det kan ikkje målast før det er ferdig tørka.
Det blir måla til våren igjen


Klem Astrid
Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online