I dag er eg heime frå jobb med spysjuka. Dvs. eg gjekk heim frå jobb i går med spysjuka.
I dag er eg egentlig ganske fin, men må halde meg heime likevel so eg ikkje smittar store og små på jobb.
So då tenkte eg at eg skulle få tid til å lage eit blogginnlegg.
Er ikkje så ofte det skjer lenger... :-S
Eg har fyrt i peisen og lagt meg på sofaen med gamle interiørblad.
Eg gleder meg veldig til sommaren, og har difor funne alle blad som kan gje meg sommarfølelse og inspirasjon.
Eigentleg har eg planane klare for uteområdet, men det er alltid kjekt å få nye idear :-)
I løpet av dei neste dagane kjem snekkaren og elektrikaren på besøk.
Snekkaren må fikse nokre småting som manglar på loftet.
Elektrikaren skal sette opp ei utelampe, lampe i trappa og over speilet på hovudbadet.
Det er småting som eg har tenkt skulle vore gjort sidan i sommar, og endeleg fikk eg fingeren ut å ringte dei!
Ting tek tid!
Klem Astrid.

































.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)

