søndag 6. februar 2011

Nytt på badet

Før
Eg har gjort litt forandringar på badet.
Speilskapet på bildet over er tatt ned, og speilet og lampa på bildet under, er hengt opp.

Etter


Eg har aldri vore fornøgd med speilskapet.
Syns ikkje det passa inn i stilen eg vil ha på badet.
Speilet derimot, er eg veldig fornøgd med!
Skapet ligg ute til salgs på Finn.no om nokon er interessert.


 Ellers er alt som det pleier å vere.




Fredag fikk eg ein spennande tlf frå utdanningsforbundet.
Dei trenger 2 representantar frå barnehagane i Førde.
Ein frå dei kommunale, og ein frå dei private barnehagane.
Dei var blitt anbefalt meg frå dei private barnehagane, og lurte på om eg ville sitte i styret i utdanningsforbundet.
Og det er klart eg vil! 
For en erfaring å ta med seg videre.
Det skal vere årsmøte 11 Mars, so det blir spennande å sjå kva som skjer då...

Snart er det ei ny veke, og eg gleder meg kjempe mykje til å gå på jobb i morgon!
På fredag ommøblerte eg avdelinga, og laga nye krokar.
Eg laga ein ny kjøkkenkrok, estetisk krok og ein kosekrok.
Det blei mykje flytting, skruing og snekring.
Men resultatet blei kjempe bra.
Både små og store likte forandringa.
Eg var på Reggio Emilia (fokus på det estetiske) kurs forige veke, og gledar meg til å prøve ut mange nye idear eg plukka opp der.


God Søndag til alle!
Eg skal tilbringe Søndagen heime med fyr i peisen og tegnefilm (faktisk) på tv'n :-)

Seinere blir det middag på Kinarestauranten i førde med mamma, pappa, broren min og kjæresten hans.
Koselig! :-)

Klem Astrid

onsdag 2. februar 2011

Loftsstue


Loftsstua har endelig fått litt fleire møblar.
Speilet kjøpte eg eigentleg for å ha på badet, men det var for stort.
Tv-benken manglar ein tv, men den får komme etter kvart...


Bordet er heimelaga - av meg.



...og ja, bileta er frå IKEA, og medfølgande innmat er fortsatt inn i rammene i påvente av betre motiv.


Biletet er måla av meg.
Stolen har eg pussa opp og trekt om igjen.


Lysekrona er ny. 
Eg leita lenge etter lampe som passa på loftsstua, og fann til slutt denne. 
Eg er veldig fornøgd med resultatet.

Klem Astrid

tirsdag 1. februar 2011


I dag er eg heime frå jobb med spysjuka. Dvs. eg gjekk heim frå jobb i går med spysjuka. 
I dag er eg egentlig ganske fin, men må halde meg heime likevel so eg ikkje smittar store og små på jobb.
So då tenkte eg at eg skulle få tid til å lage eit blogginnlegg. 
Er ikkje så ofte det skjer lenger... :-S





Eg har fyrt i peisen og lagt meg på sofaen med gamle interiørblad.
Eg gleder meg veldig til sommaren, og har difor funne alle blad som kan gje meg sommarfølelse og inspirasjon.

Eigentleg har eg planane klare for uteområdet, men det er alltid kjekt å få nye idear :-)



I løpet av dei neste dagane kjem snekkaren og elektrikaren på besøk.
Snekkaren må fikse nokre småting som manglar på loftet.
Elektrikaren skal sette opp ei utelampe, lampe i trappa og over speilet på hovudbadet.
Det er småting som eg har tenkt skulle vore gjort sidan i sommar, og endeleg fikk eg fingeren ut å ringte dei!

Ting tek tid!

Klem Astrid.

søndag 23. januar 2011

Ommøblering i stua



Kvart år når jula er ferdig og julepynten er teken ned, pleier eg å ommøblere.
Det blir alltid så tomt og trist når jula er over, så litt fornyelse er bra :-)

Eg blei veldig fornøgd med resultatet, og stua virka mykje større og opnare enn før.

Ellers har eg begynt å trene igjen, og syns det er fantastisk deilig!
Får håpe det varer... :-p
I tillegg har eg såvidt begynt å planlegge uteområdet.


Det einaste problemet er pengane...
Men eg trur eg skal klare å gjere veldig mykje sjølv, og kven veit? Kanskje eg får litt hjelp frå familien og =)

tirsdag 4. januar 2011

Oppsummering av jula

Då va endå ei jul over, og det nye året har innhenta oss...
Veit ikkje heilt om eg er fornøgd med det.
Det er klart det er godt å komme inn i rutiner igjen, og begynne eit nytt og sunnere liv ;-)
Men førejulstida og sjølve jula er den beste tida på året spør du meg, så det er med delte følelsar eg ønsker 2011 velkomen.
Jula var iallefall fin =)

Eg fikk spørsmål om eg kunne vise fleire bilete frå huset på utsida.
Og slik ser det ut.


På tur i skogen 1 juledag



Julestemning i stua




Og ja, hylla under peisen skal egentlig vere fyllt med ved, men her var det tomt gitt...


Ellers vil eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått på dei forige innlegga mine.
Eg har hatt total bloggesperre i det siste, så oppdateringane let vente på seg.
Eg skal prøve å skjerpe meg no =)

Godt nytt år til alle!
Klem Astrid








torsdag 2. desember 2010

julekjøkken

Då var turen kome til kjøkkenet









Eg har lurt på om eg skulle kjøpe røde liftgardiner til spisestua også, men har foreløbig ikkje gjort det.
No er det ein type gardiner på kjøkkenet, ein type i spisestua og ein type i stua...Litt rotete kanskje?


Kva syns du?




I dag var planen å lage pepperkakehus og pynte det. 
I staden sovna eg på sofaen og åt opp pynten til huset... jaja, sånn kan det gå :-/
Kjem sterkere tilbake i morgon =)

Klem Astrid

onsdag 1. desember 2010

Velkommen til mitt julehus

Først vil eg takke for dei fine kommentarane eg har fått på dei tidlegare innlegga mine.
Deretter vil eg beklage for min fråværande oppdatering av bloggen.
Eg har ikkje hatt bloggelyst dei siste mnd. 

Men no va det på tide å vise litt bilder frå huset, og julepynten som byrjar å komme på plass.


Velkommen inn!



I dag viser eg bilete frå stua




Lilla adventpynt hopper eg over, og går rett til rød julepynt...


To nissar er på plass, men resten av nissane får vente til lillejulaftan.
Desse nissane har mamma strikka klede til. 
Nissedama mangler kjolen sin...den skal eg strikke, så det kan jo ta sin tid :-/




Kjøkkenet får de sjå ein anna dag =)

Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online