Då var loftet ferdig isolert og plata.
På bildet under ser du loftsstua. Der stigen står skal trappa vere.
Rett fram ser du klesrommet.
Men før vi går inn på klesrommet tar vi til venstre, og kjem inn på soverommet mitt.
Her er det utgang til verandaen.

På soverommet er eit lite kott til oppbevaring av julepynt og diverse.

Mellom soverommet og badet, ligg klesrommet.
Her skal det fyllast opp med hyller, stenger og skohyller.
Her skal også vere strykebrett og arbeidsbord til symaskin.

Neste rom, er badet.
På denne veggen skal doen og boblebadet stå.
I hjørnet kjem dusjen, og vasken ved sidan av.
Her er det nest største soverommet.
Og her er det minste soverommet.
Ha ein god kveld vidare.
Eg skal kose meg med slutten av Torsdagskveld fra Nydalen.
Klem Astrid