fredag 11. juni 2010

Snart innflytting

Då nærma det seg innflytting, og ting begynne å bli ferdig.
Eg har fått vatn og straum.

Gjestebadet:

Vaskerommet:

Kassen som er bygd over høgskapet skal selvfølgelig malast i samme farge som resten av veggen. Bildet av vaskerommet blei tatt i går. I dag er vaskemaskina, skuffer og armatur også komt på plass.

Peisen, ferdig pussa. Den skal målast kvit i måra =)
Ytterdøra i vindfanget er midlertidig. Dooria hadde laga feil farge på døra, så den måtte returnerast. I mellomtida må eg ha den røde døra. Døra eg eigentleg skal ha er brunsvart.


Spisestue og kjøkken sett frå gangen:


Badekaret som skal innbyggast:

Heimelaga (av proffesjonelle) baderomsinnredning:

Kjøkken:


Over platetoppen skal det komme kvite lister der plankane er, men desse listene kjem ikkje før neste veke.

Ved sida av steikeomn og mikro er kjøleskapet innbygd.
Kjøkkenøya er på plass. Ein ting som irriterer meg litt er at kjøkkenøya ikkje står midt på ventilator og platetopp, men det må eg berre bli vand med...

Vasken på kjøkkenet er ikkje kobla til endå.
Vasken er kjøpt på IKEA, og manglar vannlås.
Ikkje visste eg at det måtte kjøpast ved sida av, men det er jo typisk IKEA :-S
Den blir kobla til på mandag, når vannlåsen er på plass.

No blir det nok ikkje fleire blogginnlegg frå meg før eg er på plass i huset, men eg håper det er til neste helg, eller rett over helga =)

God helg!

Klem Astrid

onsdag 26. mai 2010

Endelig ny oppdatering

Eg har i grunn ikkje så mykje bilete å oppdatere med denne gongen. Eg har vore dårlig på å oppdatere bloggen i det siste, men det har vore så utrulig mykje arbeid som skal gjerast i huset. Ettersom det er transportstreik går alt veeeldig treigt. Vi venter på innerdører, ytterdør, kjøkken, trapp, badekar osv... Håper det kjem snart, så huset kan bli ferdig før snekkerane går ut i ferie i veke 25!! Menmen...Golvet er nesten ferdiglagt i heile huset, OG eg har fått stikkkontakter.
På onsdag blir straumen kobla til =)

Spisestue og kjøkken


Eg har fått dusj på gjestebadet.

Baderomsmøbel er på plass =)

Gangen er begynt så smått på. Den blir ferdig flislagt i helga.

Klem Astrid

mandag 3. mai 2010

So langt er vi komt... (til Nina)


Kjøkkenet er ferdig plata


Tv-kroken er ferdig plata


Vindua i 1 etasje er nesten ferdig lista


På loftet er dei godt i gang med listing, og listene eg i forige innlegg trudde var golvlister, var taklister...ganske breie taklister med andre ord =)
Golvlistene er like breie, men dei kjem ikkje opp før vi har lagt golvet.
Golvet kjem neste tirsdag, så det blir ikkje lagt før neste veke =(


Badet i 2 etasje nærmer seg ferdig


Dusjhjørnet ferdig flislagt


Golvet er ferdig flislagt


Hylle over toalettet er ferdig flislagt



Dusjnisje med mosaikk



Her kjem badekaret...forhåpentlegvis i morgon =)


Badet er nesten ferdig, og eg er kjempe fornøgd med flisene, sjølv om valget måtte takast kjapt!

Klem Astrid

torsdag 29. april 2010

Litt flislegging

Sånn ser flisene ut utten fuger.


Listene er komt. Dei har ikkje begynt å sette dei opp endå, men det har eg ;-)
Eg måtte sette opp den eine lista for å sjå korleis det blir.
Ser bra ut =)


Veggane på kontoret og i stua er ferdig plata, og vindusforingane er sett i.

Kontoret:


Stua:

mandag 26. april 2010

Bad, tak og pipe


Men først litt bilder fra mørkeloftet. God plass til oppbevaring.


Badet i 1 etasje er ferdig plata, og klar til maling og flislegging.


Det samme er badet i 2 etasje.
Flisleggarane begynner å legge fliser her på Onsdag.
Her er badekarhjørnet.



Dusjhjørnet



Taket i 1 etasje er snart ferdig. Det mangler berre tak på badet og vaskerommet, og det blir nok ferdig i morgon.


Fiiint =)


Og eg har fått pipe i dag!

Ting går så fort at eg ikkje rekk å få med meg alt som skal bestillast.
Flisleggaren ringte å sa dei skulle begynne å legge fliser på Onsdag, og eg hadde ikkje bestilt fliser, iiik! Byggmakker hadde leveringstid på ei veke, so då måtte eg handle fliser ein plass dei hadde på lager. Men det gikk fint, og eg fann nesten samme flisene som eg hadde bestemt meg for på Byggmakker.


Eg har foresten fått innflyttingsdato/veke. Midten av juni, i veke 24. Men det var veldig ca,ca, så vi får vente å sjå =)

Klem Astrid

torsdag 15. april 2010

Rundtur på loftet


Då var loftet ferdig isolert og plata.

På bildet under ser du loftsstua. Der stigen står skal trappa vere.


Rett fram ser du klesrommet.


Men før vi går inn på klesrommet tar vi til venstre, og kjem inn på soverommet mitt.
Her er det utgang til verandaen
.


På soverommet er eit lite kott til oppbevaring av julepynt og diverse
.


Mellom soverommet og badet, ligg klesrommet.
Her skal det fyllast opp med hyller, stenger og skohyller.
Her skal også vere strykebrett og arbeidsbord til symaskin.



Neste rom, er badet.
På denne veggen skal doen og boblebadet stå.


I hjørnet kjem dusjen, og vasken ved sidan av.


Her er det nest største soverommet.


Og her er det minste soverommet.


Ha ein god kveld vidare.
Eg skal kose meg med slutten av Torsdagskveld fra Nydalen.

Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online