torsdag 21. oktober 2010

Loftsstua


Bilete av loftsstua trur eg ikkje eg har vist før.
Eg må innrømme at den aldri er blitt brukt...bortsett frå som overnattingsplass på eit seint nachspiel i sommar då alt av soveplasser var opptatt fra før :-p

Loftsstue med trappeopning


Gammal sjenk frå farmor og besten...om ikkje endå gamlare...


...det samme er speilet

Her er det komt snø, men heldigvis er vinterdekka også komt på, så det gjer ingen verdens ting! =)
Koselig med snø...så viser ikkje alt det uferdige rundt huset på utsida!

I morgon reiser eg til Løvsøya på Møre i 80 årsdag til min kjære, spreke morfar...eller gofar som vi kallar han =)
Ønsker alle ei god helg!

Ps. Håper å få vise eit ferdig kontor i løpet av neste veke...tok lengre tid enn planlagt.

Klem Astrid

fredag 15. oktober 2010

Prosjekt etter prosjekt etter prosjekt....

Vel, vel... Omsider kan eg presentere litt av prosjekta eg helde på med for tida.
Eg har eit par prosjekt til som eg skal prøve å bli ferdig med i løpet av neste veke, fram til då får eg vise det som er ferdig.

Kontoret før:

Kontoret før:

Seng før:

Montering og grundig vask må til


 Og VOILA!
Seng og deler av kontoret etter:

Lappeteppe og MASSE puter



Resten av kontoret får dokke sjå i løpet av neste veke.
Før den tid blir det tur innom IKEA og Home and Cottage i Bergen ;-)
Mandag er det konsert med Biffy Clyro på Ole Bull's scene, gleder meg!!

God helg til alle!

Stemingsbilete frå kjøkkenet i kveld


(sjå vekk frå at rosene henger litt med hovudet...dei var nye i går, so veit ikkje kva eg gjer gale?)

Klem Astrid



mandag 11. oktober 2010

Spisestue


I kveld viser eg bilete frå spisestua.


Bordet er heimesnekra, og var litt av eit prosjekt å få ferdig.
Bordbeina høyrer eigentleg til eit gammalt bord brukt til baking.
Eg huskar eg var med bestemor mi når eg var lita å baka flatbrød på det bordet.
Beina saga eg av og laga ny ramme, som blei måla kvit.
Bordplata er laga av plankar som er beisa med fargen Drivved.
Den skal også bli lakka, men så langt er eg ikkje komen endå...
Stolane er Henriksal frå IKEA.
Beina er måla kvite, og stoltrekka farga med tekstilfarge.
Teppet er frå Day home og lampene over spisebordet frå Lene Bjerre.


I kveld skal eg jobbe med eit lite prosjekt eg har på gang.
Håper å vise det her på bloggen i løpet av veka.
Det blir nok nærare helga kjenner eg meg sjølv rett.

Klem Astrid

mandag 4. oktober 2010

Lopper

OI! NIB si utfordring denne månaden, var virkelig ei utfordring for min del.
Heile huset mitt består av lopper, både frå bruktbutikk, antikvitetsbutikk og arvegods.
Etter mykje om og men, enda eg opp med desse loppene til månadens utforddring.

Det første bilete viser ein gammal gyngestol og eit gammalt skap frå besteforeldra mine sitt hus.
Koffertane er frå bruktbutikk og antikvitetshandlar.
Den underste kofferten på bilete fekk eg for 100,- på antikvitetshandlaren...eit kupp ;-)




Det neste biletet består av nesten berre lopper.
Vekt og lysestake tilsammen: 35,- på bruktbutikken.
Smijernsskål med gamle nøster: tilsammen 40,- på bruktbutikken.
Gammal kanne frå antikviteten, og gamle norgesglas frå bruktbutikken til 30,- kr stk.



Skrinet fann eg nedstøva i eit hjørne i det gamle kårhuset på garden. Det er ein av favorittinga mine =) 
Urna med Orkidè betalte eg 10,- for på bruktbutikken.

Eg har så mykje fleire lopper eg kunne tenkt meg å vise fram, men må vel begrense meg litegranne :-S

Gleder meg til å sjå fleire loppebidrag på NIB.

Klem Astrid

torsdag 30. september 2010

Gjestebad

I dag viser eg bilete frå gjestebadet.
Biletet i speilet måla eg sjølv i fjor.



Det gamle brune skapet mitt, som blei lysegrønt, for so å bli lysegrått







Krakken bygde eg på sløyden i 5 eller 6 klasse. 
Den blei måla grønn i fjor.


I dag bestillte eg mi første økonomibok... so no blir eg student igjen =)
I 2004 gikk eg 1 år på BI i Bergen. 
Etter første året flytta eg heim igjen og begynte på førskulelærer i Sogndal i staden for.
No vurderer eg å fullføre bachelor i økonomi og administrasjon over nettet.
Eg har allerede mange fag frå første året som eg kan bruke, og bygge videre på.
Eg vil fortsette å jobbe i barnehage heile tida mens eg studerer, så det ikkje går ut over økonomien.
Å bygge nytt hus er jo ikkje akkurat gratis :-S

Klem Astrid






tirsdag 28. september 2010

Kontraster

I dag hadde eg ingenting å skrive om, før eg las blogginnlegget til Anette fra Anette's hus. 
Kontrastfargar er noko eg har mykje av i huset mitt. 
Eg er veldig glad i kontraster. 
Syns det blir voldsomt når alt skal vere kvitt, kvitt og atter kvitt!







Så her er mitt bidrag til Anette's utfordring

Klem Astrid



fredag 24. september 2010

Nytt i stua


Gyngestolen hadde eg i gamlehuset før vi flytta.
 Eg har vore usikker på kvar eg skulle sette den i nye huset. 
Foreløbig står den framfor peisen.
Skapet har stått i kjelleren til besteforeldra mine så lenge eg kan huske.
Det var i utgangspunktet brunt, men eg har malt det lysgrått.



Over fjernsynet har det kome opp nye hyller


Fredagen har eg tilbragt i senga.
Eg har hatt haueverk heile veka, og i dag tidleg var det så gale at eg ikkje kom meg ut av senga =(
Eg er heldigvis litt betre no, men kryssar fingrane for at morgondagen blir endå betre, for då skal eg på rafting...
Eg har aldri rafta før, og må innrømme at eg grugledar meg :-S
Elva er veldig stor, så det kan bli ein våt og kald fornøyelse!

God helg til alle
Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online