søndag 23. januar 2011

Ommøblering i stua



Kvart år når jula er ferdig og julepynten er teken ned, pleier eg å ommøblere.
Det blir alltid så tomt og trist når jula er over, så litt fornyelse er bra :-)

Eg blei veldig fornøgd med resultatet, og stua virka mykje større og opnare enn før.

Ellers har eg begynt å trene igjen, og syns det er fantastisk deilig!
Får håpe det varer... :-p
I tillegg har eg såvidt begynt å planlegge uteområdet.


Det einaste problemet er pengane...
Men eg trur eg skal klare å gjere veldig mykje sjølv, og kven veit? Kanskje eg får litt hjelp frå familien og =)

tirsdag 4. januar 2011

Oppsummering av jula

Då va endå ei jul over, og det nye året har innhenta oss...
Veit ikkje heilt om eg er fornøgd med det.
Det er klart det er godt å komme inn i rutiner igjen, og begynne eit nytt og sunnere liv ;-)
Men førejulstida og sjølve jula er den beste tida på året spør du meg, så det er med delte følelsar eg ønsker 2011 velkomen.
Jula var iallefall fin =)

Eg fikk spørsmål om eg kunne vise fleire bilete frå huset på utsida.
Og slik ser det ut.


På tur i skogen 1 juledag



Julestemning i stua




Og ja, hylla under peisen skal egentlig vere fyllt med ved, men her var det tomt gitt...


Ellers vil eg takke for alle dei fine kommentarane eg har fått på dei forige innlegga mine.
Eg har hatt total bloggesperre i det siste, så oppdateringane let vente på seg.
Eg skal prøve å skjerpe meg no =)

Godt nytt år til alle!
Klem Astrid








torsdag 2. desember 2010

julekjøkken

Då var turen kome til kjøkkenet









Eg har lurt på om eg skulle kjøpe røde liftgardiner til spisestua også, men har foreløbig ikkje gjort det.
No er det ein type gardiner på kjøkkenet, ein type i spisestua og ein type i stua...Litt rotete kanskje?


Kva syns du?




I dag var planen å lage pepperkakehus og pynte det. 
I staden sovna eg på sofaen og åt opp pynten til huset... jaja, sånn kan det gå :-/
Kjem sterkere tilbake i morgon =)

Klem Astrid

onsdag 1. desember 2010

Velkommen til mitt julehus

Først vil eg takke for dei fine kommentarane eg har fått på dei tidlegare innlegga mine.
Deretter vil eg beklage for min fråværande oppdatering av bloggen.
Eg har ikkje hatt bloggelyst dei siste mnd. 

Men no va det på tide å vise litt bilder frå huset, og julepynten som byrjar å komme på plass.


Velkommen inn!



I dag viser eg bilete frå stua




Lilla adventpynt hopper eg over, og går rett til rød julepynt...


To nissar er på plass, men resten av nissane får vente til lillejulaftan.
Desse nissane har mamma strikka klede til. 
Nissedama mangler kjolen sin...den skal eg strikke, så det kan jo ta sin tid :-/




Kjøkkenet får de sjå ein anna dag =)

Klem Astrid

mandag 8. november 2010

Pakke i posten


Før helga fikk eg pakke i posten.
Den var fra Monica med bloggen Monicas drøm.
Eg var så heldig å vinne 2 premie i give awayen =)
Og her er innhaldet i pakken:


I dag slo migrenemonsteret til igjen, so no MÅ eg bestille time hos kiropraktor, enten eg vil eller ikkje...

Eg er heldigvis bra igjen no, etter migrenemedisin og masse søvn.

Viser litt bilder som blei tatt på formiddagen i går
Spisestue/kjøkken


Og her har deler av gaven frå Monica fått plass





Klem Astrid


søndag 7. november 2010

Sofakroken

Dårlig med blogging herfra i det siste. 
Bloggelysta går opp og ned...
Men NIB sin konkurranse må eg vere med på =)
Her er sofakroken fra stua mi


Stuebordet er samansett av gamle bordbein frå foreldra mine sitt gamle stuebord, og bordplate snekra av meg

Pusen på favoritplassen sin


Kommoden har eg blogga om før, og er fortsatt arva frå besteforeldra mine, men den har no fått plass i stua. 
Før stod den på loftsstua, men syns den var for fin til å stå i eit rom som aldri blir brukt...



Ønsker alle ein fin Søndag!

Klem Astrid



torsdag 21. oktober 2010

Loftsstua


Bilete av loftsstua trur eg ikkje eg har vist før.
Eg må innrømme at den aldri er blitt brukt...bortsett frå som overnattingsplass på eit seint nachspiel i sommar då alt av soveplasser var opptatt fra før :-p

Loftsstue med trappeopning


Gammal sjenk frå farmor og besten...om ikkje endå gamlare...


...det samme er speilet

Her er det komt snø, men heldigvis er vinterdekka også komt på, så det gjer ingen verdens ting! =)
Koselig med snø...så viser ikkje alt det uferdige rundt huset på utsida!

I morgon reiser eg til Løvsøya på Møre i 80 årsdag til min kjære, spreke morfar...eller gofar som vi kallar han =)
Ønsker alle ei god helg!

Ps. Håper å få vise eit ferdig kontor i løpet av neste veke...tok lengre tid enn planlagt.

Klem Astrid

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online