Endeleg har eg og fått litt vårstemning.
Sola kjem før kl. 10.00 om morgonen, og er her til litt over 15.30.
Store deler av den tida er eg på jobb, men har ein fantastisk jobb som pedagogisk leiar i barnehage, noko som gjer til at eg får vere mykje utandørs. Og då får eg nyte sola eg og.
I helga tok eg litt bilete på kjøkkenet.
Eg måtte utnytte sola og det fine lyset som kom inn i huset.
Den gamle krydderflaske holderen har eg funne i det gamle kårhuset på gården.
Den har nok tilhøyrt besteforeldra eller oldeforeldra mine.
Det manglar to flasker, noko som irriterer meg veldig. So viss nokon kjem over slike flasker, tek eg gjerne imot tips.
Bokstativet fekk eg av ei venninne til jul.
Cuisine skiltet er kjøpt i Paris og hjulvispen er kjøpt på antikvitetsbutikk.
Posen med serviettringer har eg laga sjølv.
Resten er frå GreenGate og kremmerhuset.
Ønsker alle ei fin veke, og ein fin vinterferie for dei som har det!
Og tusen takk for dei fine kommentarane om badet mitt.
Eg gjorde tydligvis eit godt valg i å bytte ut speilskapet med det enkle speilet.
Eg gjorde tydligvis eit godt valg i å bytte ut speilskapet med det enkle speilet.
Klem Astrid















































