søndag 18. oktober 2009

En deilig Søndag


I dag har eg vore med mamma på fjelltur. Turen gikk til Eikåsnipa som ligg 826 moh. På toppen er det ei fantastisk utsikt over fjelltoppane i nærleiken, Førde og Jølster.


Eikåsnipa er eit av mine favoritt fjell. Det tar ikkje langt tid å nå toppen, og utsikta undervegs og på toppen er fantastisk. I tilegg er det to "toppar" på denne fjellturen. Ein kan velje å berre gå halvvegs opp. Då kjem ein til støylane som du ser på biletet over.

I dag har eg kjøpt mitt første hageblad. No skal hagen planleggast, og det treng eg inspirasjon til, for hage har eg NULL peiling på!
Til min store overraskelse var det komt ny utgave av Vakre hjem og interiør også. Og eg som trudde det kom i måra. Då var Søndagskvelden redda =)

Her ser du pusen som kosar seg i det nye teppet frå Kid. Det var ikkje lenge eg fekk ha det for meg sjølv =)

I måra kjem endeleg snekkaren og byrjar å røyse huset vårt. Dei har vore her og laga klart utstyr og sett opp brakke, så i måra byrjar arbeidet, JIPPI! Og eg har ein feriedag i måra, så eg kjem til å snare rundt føtene til snekkarane heile dagen =)

God søndagskveld til alle!

Klem Astrid




2 kommentarer:

  1. Eikåsnipa er fantastisk!! :) Mykje lykke til med hageplanlegging! Var forresten koseleg hos deg på laurdag, du hadde fått det like fint som eg hadde forestilt meg! ;)

    SvarSlett
  2. Sikkert en flott tur dere har hatt!
    Måtte flire av katten din som har okkupert det nye pleddet...hehe...typisk;)
    Nå blir det spennende å følge med på huset gitt!
    Gleder meg;)

    SvarSlett

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online