I dag er det sofadag.
I helga har vi hatt besøk av besteforeldre og tanter og onklar.
I tilegg hadde vi besøk av eit vennepar til seint på natt i går.
So i dag var det deilig å berre ligge på sofaen og slappe av.
Men berre avslapping blei det ikkje.
Eg hadde mi daglege bloggrunde, og blei så inspirert at eg ommøblerte lesekroken i stua.
Sjenken på biletet sto eigentleg på kontoret, men syns den er for fin til å gøyme vekk der inne.
So då fekk den ny plass i stua bak eine sofaen.
Fredag måla eg ei gammal furuhylle.
Den blei grå, og fekk plass i lesekroken i stua.
Tanta og onkelen min som var på besøk, tok turen innom IKEA på lørdag.
Der kjøpte dei med seg korgkista på biletet under til meg.
Ellers har vi fått hund på gården i løpet av helga.
Bror min og dama hans har vore i Asker og henta en liten kvalp.
Figo heiter den og er ein liten flatcoated retriver.
Den er heilt nydleg!!
I morgon er det tilbake på jobb.
Tilvenning av nye born er heldigvis ferdig, og eg håpar kommande veke blir noko rolegare enn forige veke.
Eg gledar meg til å komme i gong med kvardagen i barnehagen att.
Ønskjer alle ein god Søndag og ei fin veke.
Klem Astrid
+(640x453).jpg)
+(640x427).jpg)
+(397x640).jpg)
+(640x410).jpg)
+(640x427).jpg)
+(493x640).jpg)


Høres ut som en fin søndag! Nydelig bilder av flott stue, vakkert! Ha en flott kveld videre :-)
SvarSlettÅ du har det verkeleg fint!!
SvarSlettMisunne-men unne sjølsagt☺-deg eit hus der alt er nytt-det må vere deileg☺
Så skjønn liten hund♥
Får tru det blir ei fin veke i bhg☺ Eg syns det er rart å ikkje levere/hente prinsessa der lenger...☺
Klem M♥