Det første var eit vitrineskap som skreik om eit par malingsstrøk.
Der var og to stolar som trengte litt omsorg, dei skal bli kvite med nytt trekk...kanskje lyst trekk med vintage trykk...
Maaaange gamle fat, koppar og bestikk som med litt vask og pussing blir som nye igjen. Dei skal få plass i det nye vitrineskapet som skal bli kvitt med stoff bak glaset og tapet innvendig.
Der var også eit gammalt speil som trengte eit par malingsstrøk og ny innmat :-) Det skal vel bli kvitt som alt anna.
To gamle komodar var der også...kvitmaling på dei også.
Og so eit gammalt bord. Skoa og Donald pocketbøkene skal få ligge igjen i gamlehuset. Men bordet blir fint med litt...kvitmaling...kva ellers? Kanskje med ein fransk sjablong på bordplata...? Det skal få plass i stua i nyehuset. Før den tid må det nok stå der det står. Vi har ikkje plass til nåken av desse skattane før nyehuset er ferdig. Men då blir det til gjengjeld GOD plass =)
Trur eg har jobb til huset vårt er ferdig bygd... :-)
Eg trur eg skal begynne på vitrineskapet først. Det kan eg klare å presse inn på stua i huset vi har no. Eg treng faktisk litt bedre plass til glas og fat og sånn... =) Eg skal legge inn bilde etterkvert som eg begynner på dei forskjellige tinga.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar