fredag 16. oktober 2009

Velkommen deilige Fredag

Fredagsettermiddag og kveld er den deiligaste tida i veka syns eg. Når huset er vaska, er alt klart for helg og avslapping. I dag hadde vi besøk av tanteungen min til middag. Vi var ute å prata med hestane mens Ole Christian laga middag. Etter middag var eg ute å gikk tur med mamma. Det har vore kjempe deilig vær denne veka, og hausten er virkelig fin når det ikkje regner.

Kveldsen står i ovnen og godgjer seg mens eg omsider lagar eit blogginnlegg igjen. Det er vel ca. ei veke sidan sist :-§
I kveld skal eg kose meg med god mat, film, snop og hekleprosjektet mitt.


Har kjøpt siste utgave av Lantliv, men tviler på det blir lest i kveld...kanskje på senga, ellers har eg nåke å glede meg til i måra =)


Her er bloggekroken min. Var på vennesalg på Kid og kjøpte det deiligaste teppet. Flis på eine sida og fuskepels på andre. Perfekt for meg som fryser så masse!



Ønsker alle ein god fredagskveld og ei fin helg!
Klem Astrid










fredag 9. oktober 2009

Dilla på gråvaska korg og "gamle kasser"

Eg har vore veldig dårlig på å oppdatere bloggen min i det siste...og eg må desverre seie at eg tviler på at eg blir bedre på det med det første. Har lite å blogge om for tida. Det kjem seg vel når det skjer meir med huset. Snekkaren kjem neste veke (forhåpentligvis), so då tenker eg det blir meir å blogge om, og lettere å sjå framgang =)
Ellers har eg fått dilla på "gamle kasser" og gråvaska korger. Fint med oppbevaringsplass.





Denne kassa har eg snekkra sjølv av ein gammal sengebotten. Den har fått eit strøk med interiørbeis-drivved. Grå skrift med stempelputer.







Ellers har eg også fått dilla på hekling. Har endelig lært meg å hekle med mønster og ikkje berre fram og tilbake. Mamma var på besøk og gav meg ein leksjon i går kveld =) So no har eg begynt å hekle meg bestemorsteppe i kvit,grå og brun.



God helg til alle sammen =)
Klem Astrid


søndag 4. oktober 2009

Retro

50-tallet:
*Korea-krigen varer fra 1950-1953
*Første regulære kringkasting av fargefjernsyn i USA
*Suezkrisen utspiller seg
*Rock and Roll ruler musikkverden med bl.a. Elvis Presley i forkant.
*Opptøyer i Oslo etter premiere på filmen Rock Around the Clock
*Sovjetunionen skyter opp den første menneskeskapte satellitt, Sputnik 1 og Sputnik 2 med hunden Laika ombord, og senere månesondene Luna 2 og Luna 3
*Kong Haakon VII dør, og Kronprins Olav overtar som Norges konge
*Det europesiske fellesskap (EF) trer i virksomhet.
*Oslo arrangerer De olympiske vinterlekene
Kilde: Wikipedia

Dette var berre nokre av hendelsane som skjedde i 50-åra. 50-åra hadde i tillegg til dette mykje anna å by på. Som t.d. teakmøbler, fargerike tapeter og interiør.


I går var eg på besøk hos ei venninne som har pussa eit gammalt hus i Retrostil.


Her er ein liten smakebit av korleis huset ser ut innvendig =)


Garderoben er tapetesert med orginal tapet frå 50-tallet, bestilt på internet.


Kjøkkeninnredninga er original og er måla i lyseblått og kvitt.


Porselensvask og armatur i gammal stil.














Fargerike detaljer





Smeg kjøleskap høyrer med til retrostilen! Dette er lyseblått og passer perfekt inn med den blå kjøkkeninnredninga. Kjøleskapet er bestilt frå Italia.


Møbler med tapet












Dette var berre ein liten smakebit 1 etasje i huset. Heile huset er i samme stil og veldig gjennomført. Det var kjekt for meg som liker den franske landstilen, og sjå eit hus som var så forskjellig innreda fra det eg er vant med! Morsomt med stiler fra forskjellige epoker og at alle har forskjellig smak.
Mens eg var på besøk fikk eg eit lynkurs i hekling, so resten av kvelden går med til hekling her i huset. Kanskje eg skal begynne på en Tilda badeengel også...=)
Klem Astrid



lørdag 3. oktober 2009

Skjønne lyshus og nytt skap



Eg har laga mitt første skap =) Og må sei meg ganske så fornøgd med det! Eg brukte ein gammal sengebotten og eit par hobbyhyller, ei gammal speilramme og litt hønsenetting.
Desse posane har eg også laga. Dei sydde eg av sekkestrie og brukte stempelputer og svart akrylmaling. Her har eg serviettringane mine og ting og tang som ikkje passer andre plasser....har på følelsen at potter sacen blir fyllt opp ganske fort ;-p





I dag fikk eg pakke fra Lobelia. Der fikk eg to av desse fine lyshusa som så mange andre bloggera har. Dei er kjempesøte, og har fått plass på kjøkkenbordet til eg finn ein betre plass til dei. I tilegg fekk eg det nyaste bladet fra Jeanne d'arc som eg har kosa meg med i ruskeværet i dag.

Ellers har eg vore på jakt rundt heile førde etter sushi, og no er det ingen butikker som selger det lenger!! KRISE! Då blir det salat og pizzarester frå i går.....
Seinere skal eg på besøk til ei venninne som har pussa opp eit gammalt hus i retro-stil. Gleder meg! Kanskje det kjem nåken bilder av det på bloggen i måra...
God lørdagskveld til alle!
Klem Astrid






mandag 28. september 2009

Album på blogg? Størrelse på huset??

Er det nåken som veit om det går an å lage eit album på bloggen? Det hadde vore lettere å lagt ut bilder av framgangen viss det hadde gått an. Syns det blir så masse anna mellom innlegga om framgang. Eg kan jo såklart lage en egen etikett med framgang, men hadde vore kjekt med eit album...tar med glede imot tips =)

Over til ein heilt anna ting: I dag har dei laga fundamenta til bæreveggane. Det er supert at ting skjer, MEN eg syns huset ser så lite ut når ringmuren er komt opp! Eg kunne jo tenkt meg at berre kjøkkenet skulle vere like stort som heile huset er til sammen! Nåken som har erfaring med å bygge hus som kan forsikre meg om at det blir større enn det ser ut som?? Hjelp...begynner å få angst for at huset blir for lite :-§

søndag 27. september 2009

Ringmur på plass

Her kjem ei lita oppdatering på framgangen med huset vårt. Som dokke ser er ringmuren kome opp i løpet av helga. Det gjennstår litt arbeid på den før støypinga tek til i løpet av veka som kjem. Snekkaren kjem om to veker, og då tenker eg vi byrjar å sjå framgang for på alvor =)


Lille pusen lurer på kva som skjer her...


Rørleggeren sitt arbeid så langt


Nye naboar. Sauene til naboen er kome på beite, og desse får vi til næraste nabo.


Og desse har vi nedanfor huset. Landlege omgjevelsar, akkurat slik eg likar det =)
Den lysaste hesten heiter Faksi, og er faktisk eldre enn meg. Ho nærmar seg 30 år. Snillere hest finst ikkje!
Dei to andre familiemedlemmane er alltid med på tur opp til huset...

lørdag 26. september 2009

Dagens funn

I dag vakna eg til ei melding fra ei venninne der det stod: Loppemarked på Kyrkjelydshuset no!
Det er netopp sånne ting eg går glipp av sidan eg ikkje abonnerer på lokalavisa...
Eg hoppa ut av senga og gjorde meg klar til å reise. MEN...når vi kom ned viste det seg å vere svæært dårlig! Det var ingenting å finne, og då meiner eg bokstaveligtalt ingenting. Borda var nesten tomme og utvalget var minimalt. Av skuffelse reise vi videre til Kremmerhuset og Jarles gavesenter for å sjå på nye ting i standen for. Eg fann ingenting av interesse (vertfall ikkje som eg hadde råd til der og då).






Vi var ein kjapp tur innom antikvitetsbutikken for å sjå på alt det fine dei har der. Vi har som oftast ikkje råd til nåke sidan prisane på gamle møblar og interiør er svært stive. Men i dag fann eg denne søte hjulvispen. Dei hadde faktisk to av samme sorten berre forskjellige fargar. Eg liker veldig godt grønt, så denne blei med heim. Prisen var ikkje å klage på heller ;-)

Det var dagens funn...ikkje så masse å blogge om egentlig,
så her kjem bilder av ting eg hadde frå før =)



Desse små krukkene har stått i gamlehuset på gården heime. Dei tok eg inn i varmen for mange år sidan, og eg er fortsatt like glad i dei. Dei har nok tilhørt oldemora mi ein gong.


Dette stoffet bestillte eg fra Stoff of stil. Det blåstripete stoffet skal bli trekk på dei gamle kjøkkenstolane mine og puter til kjøkkenbenken min i nye huset =) Sekkestoffet har eg ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke til endå...
nokon som har gode forslag?


Ellers er formen so som so. Halsen er sår, verker i hovudet og nakken og litt feber, så det ser ut som influensaen eller nåke lignande har nådd meg også. Så resten av kvelden blir brukt til max sofa- og tv-sliting.

I måra kjem forhåpentligvis ei lita oppdatering på framgangen med huset, med mindre helsa svikter.


God lørdagskveld til alle =)


Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online