lørdag 26. september 2009

Dagens funn

I dag vakna eg til ei melding fra ei venninne der det stod: Loppemarked på Kyrkjelydshuset no!
Det er netopp sånne ting eg går glipp av sidan eg ikkje abonnerer på lokalavisa...
Eg hoppa ut av senga og gjorde meg klar til å reise. MEN...når vi kom ned viste det seg å vere svæært dårlig! Det var ingenting å finne, og då meiner eg bokstaveligtalt ingenting. Borda var nesten tomme og utvalget var minimalt. Av skuffelse reise vi videre til Kremmerhuset og Jarles gavesenter for å sjå på nye ting i standen for. Eg fann ingenting av interesse (vertfall ikkje som eg hadde råd til der og då).






Vi var ein kjapp tur innom antikvitetsbutikken for å sjå på alt det fine dei har der. Vi har som oftast ikkje råd til nåke sidan prisane på gamle møblar og interiør er svært stive. Men i dag fann eg denne søte hjulvispen. Dei hadde faktisk to av samme sorten berre forskjellige fargar. Eg liker veldig godt grønt, så denne blei med heim. Prisen var ikkje å klage på heller ;-)

Det var dagens funn...ikkje så masse å blogge om egentlig,
så her kjem bilder av ting eg hadde frå før =)



Desse små krukkene har stått i gamlehuset på gården heime. Dei tok eg inn i varmen for mange år sidan, og eg er fortsatt like glad i dei. Dei har nok tilhørt oldemora mi ein gong.


Dette stoffet bestillte eg fra Stoff of stil. Det blåstripete stoffet skal bli trekk på dei gamle kjøkkenstolane mine og puter til kjøkkenbenken min i nye huset =) Sekkestoffet har eg ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke til endå...
nokon som har gode forslag?


Ellers er formen so som so. Halsen er sår, verker i hovudet og nakken og litt feber, så det ser ut som influensaen eller nåke lignande har nådd meg også. Så resten av kvelden blir brukt til max sofa- og tv-sliting.

I måra kjem forhåpentligvis ei lita oppdatering på framgangen med huset, med mindre helsa svikter.


God lørdagskveld til alle =)


1 kommentar:

  1. Så det var ikkje noe tess det loppemarkedet altså? Det var dumt, men greit at eg ikkje gjekk glipp av noko då:p

    Det med den kvite tallerkenhylla, så er eg ikkje noko god på sånt, du seier at det ikkje er så vanskeleg å lage sjølv...? Eg trur ikkje eg skal hive meg ut i eit slikt prosjekt, har ikkje snekkar-fingrar;) Då brukar eg heller litt pengar på det eg vil ha, og brukar tida og fingrane mine på andre ting;) Har jo mykje å lese på no når eksamen kjem nærmare og nærmare! Men om du tar imot bestilling?? hehe...

    Fin visp forresten, og det stripete stoffet du skal ha til stoler og kjøkkenbenk var kjempefint!!

    SvarSlett

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online