søndag 12. september 2010

Stua




Flisene er endeleg fuga, 
men det blir nok ingen bilete av dei i dag heller.
Eg må gå over å fuge nokre plassar før eg blir heilt fornøgd =)
Då får de heller nokre bilete av stua




Eg elskar Oddvard Torsheim bileta mine, 
og dei fekk endeleg komme opp i dag





Ønskjer alle ein fin søndagskveld.
Her blir det snop og film, "Book of Eli"

Klem Astrid

torsdag 9. september 2010

Ingen fuging so langt...


Det har blitt dårlig med fuging desse dagane.
Eg skal prøve å få gjort det ferdig i morgon.
Dagen i dag har gått med til å måle siste delane av huset.
Det er ikkje ferdig endå, men det er ikkje mykje igjen!



I morgon er det fredag og HELG!
Og ei kjempe nyheit for meg som elskar Kings of Leon:
Kings of Leon gir ut ny cd i oktober!! JIPPI!

Klem Astrid


tirsdag 7. september 2010

to be continued...



I kveld har eg lagt fliser under ventilatoren.
Resultatet blei meget bra om eg får seie det sjølv =)
Ein klarer det meste dersom man prøver...



Fortsettelsen kjem på torsdag, då skal flisene fugast.
Eg skulle gjerne gjort det i morgon, men då er det personalmøte på jobb, så det må nok vente ein dag. Med mindre eg får akutt arbeidslyst når eg kjem heim...

Ellers vil eg takke for dei koselege kommentarane eg fekk på soveromsinnlegget mitt.
Alltid kjekt med positiv tilbakemelding =)


Ønskjer alle ei fin veke vidare.

Klem Astrid

onsdag 1. september 2010

Soverom


Eg var ikkje fornøgd med det andre soveromsinnlegget mitt, og lagde difor eit nytt.
Her er bileta teke i dagslys.
I tillegg har eg valt å vise mykje færre bilete, slik som NIB råda oss til.
Håpar det fell i smak =)




Klem Astrid

mandag 23. august 2010

Hausstemning


Veka starta heller dårlig for min del.
Våkna med migrene, og måtte halde senga til langt på dag.
No er eg heldigvis bra igjen, og fikk nyte sola eit par timar før den gikk ned.
No merkar eg verkeleg at sommaren er over og hausten står for døra.
Litt kjedeleg ettersom vi ikkje har hatt skikkeleg sommar i det heile tatt i år.
Men hausten er fin på sin måte også.
Eg ser fram til fine fjellturar, fyr i peisen, stearinlys og varme boblebad ;-)


Litt bilete frå balkongen utanfor soverommet.


Lesekroken min =)

Klem Astrid

søndag 22. august 2010

Søndag i stua

I dag er det sofadag.
I helga har vi hatt besøk av besteforeldre og tanter og onklar.
I tilegg hadde vi besøk av eit vennepar til seint på natt i går.
So i dag var det deilig å berre ligge på sofaen og slappe av.


Men berre avslapping blei det ikkje.
Eg hadde mi daglege bloggrunde, og blei så inspirert at eg ommøblerte lesekroken i stua.
Sjenken på biletet sto eigentleg på kontoret, men syns den er for fin til å gøyme vekk der inne.
So då fekk den ny plass i stua bak eine sofaen.


Fredag måla eg ei gammal furuhylle.
Den blei grå, og fekk plass i lesekroken i stua.


Tanta og onkelen min som var på besøk, tok turen innom IKEA på lørdag.
Der kjøpte dei med seg korgkista på biletet under til meg.






Korgbrettet og lysa er kjøpt på Home and Cottage



Ellers har vi fått hund på gården i løpet av helga.
Bror min og dama hans har vore i Asker og henta en liten kvalp.
Figo heiter den og er ein liten flatcoated retriver.
Den er heilt nydleg!!





I morgon er det tilbake på jobb.
Tilvenning av nye born er heldigvis ferdig, og eg håpar kommande veke blir noko rolegare enn forige veke.
Eg gledar meg til å komme i gong med kvardagen i barnehagen att.

Ønskjer alle ein god Søndag og ei fin veke.

Klem Astrid

lørdag 14. august 2010

Kjøkken og spisestue


På onsdag var eg på Iron Maiden i Bergen, og turen gikk selvfølgelig innom Home and cottage på heimvegen. Der kjøpte eg korgbrettet og kubbelysa...


...som står på spisebordet i spisestua.


Kjøkkenet har fått nye hyller...


...og nye lamper i vindua.





Lampene fikk eg til jul i fjor, men har ikkje somla meg til å hengt dei opp før i dag.
Veldig fornøgd med resultatet :-)



God helg til alle :-)

Klem Astrid
Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online