1 etasje 2 etasje
tirsdag 9. juni 2009
Planteikningar
1 etasje 2 etasje
På skattejakt
Det første var eit vitrineskap som skreik om eit par malingsstrøk.
Der var og to stolar som trengte litt omsorg, dei skal bli kvite med nytt trekk...kanskje lyst trekk med vintage trykk...
Maaaange gamle fat, koppar og bestikk som med litt vask og pussing blir som nye igjen. Dei skal få plass i det nye vitrineskapet som skal bli kvitt med stoff bak glaset og tapet innvendig.
Der var også eit gammalt speil som trengte eit par malingsstrøk og ny innmat :-) Det skal vel bli kvitt som alt anna.
To gamle komodar var der også...kvitmaling på dei også.
Og so eit gammalt bord. Skoa og Donald pocketbøkene skal få ligge igjen i gamlehuset. Men bordet blir fint med litt...kvitmaling...kva ellers? Kanskje med ein fransk sjablong på bordplata...? Det skal få plass i stua i nyehuset. Før den tid må det nok stå der det står. Vi har ikkje plass til nåken av desse skattane før nyehuset er ferdig. Men då blir det til gjengjeld GOD plass =)
Trur eg har jobb til huset vårt er ferdig bygd... :-)
Eg trur eg skal begynne på vitrineskapet først. Det kan eg klare å presse inn på stua i huset vi har no. Eg treng faktisk litt bedre plass til glas og fat og sånn... =) Eg skal legge inn bilde etterkvert som eg begynner på dei forskjellige tinga.
mandag 8. juni 2009
Ønskeliste
Men den gang ei! Det får halde med ei ønskeliste for no. Kanskje ein gang i framtida er lista oppfylt, men det vil vel komme nye ting på den etter kvart.
Sånn ser ønskelista mi ut per i dag (den vil nok bli oppdatert ganske ofte):
* Porselenserien Harvard floral green - Alfred Meakin. Eg veit ikkje om det går an å få tak i ein gang, men ønske meg det gjere eg =) Eg har eit fat og eit sausenebb med fat i denne serien.
*Herregård servise fra Perfect home

*Vinglas og vanlige glas fra àhlens - harmoni

*Royal Albert flower of the month series cosmos. I denne serien har vi arva settet fra besteforeldra mine. Vi har koppane og fata frå Mars og Oktober (dei månadane besten og farmor blei født).
*Royal Copenhagen - Ruby Red Full Lace

Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.
Eg fekk meg stor høgt hus med staslege stover midt inni byen til og med.
med blanke blekktak, tregolv store glas. Og det var ei lang trpp som berre gjekk opp og ei mykje lengre som gjekk ned, og enda ei som berre stod til stas........
I tunet vrimla høns og gås og kalkun, og ender for alle tel å sjå, gol og kakla alt med dei berre vann, og kvart eit kvekk og klukk og klunk skulle ljome høgt som basuner mot det blå som om dei sa her bur ein halden mann.
Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.
Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.
Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.
søndag 7. juni 2009
Nytt kamera
Når feriepengane kjem på konto skal eg kjøpe bokstativet, kaffi og te krukkene frå Perfect home.
Tak
http://www.smartpanel.no/
Vegg
Alle veggane skal vere lyse, men farge er ikkje bestemt endå.
http://www.smartpanel.no/


