tirsdag 9. juni 2009

Planteikningar


Her er planteikningane av huset vårt. Eg teikna opp løysinga vi ville ha, og leverte den til arkitekten vår. Han kom med forslag og teikna den endelege løysinga. Etter å ha pussa opp huset vi bur i no, og budd med den løysinga vi har her i 4 år, veit vi kva vi IKKJE skal ha, og kva vi vil ha.


1 etasje 2 etasje






















































Ha en fin tirsdagskveld



På skattejakt

I dag var eg skikkelig inspirert til å finne eit oppussingsobjekt! Etter å vere ferdig med alt som heiter skule, har eg plutselig fått nåke som heiter fritid...Eg tråla gården rundt for å finne nåken vekkglømte skattar. Av erfaring veit eg at det skjuler seg mange potensielle interiør skattar bak gamle lukka dører. Turen gjekk til kårhuset på gården, og gjett ka eg fann!


Det første var eit vitrineskap som skreik om eit par malingsstrøk.


Der var og to stolar som trengte litt omsorg, dei skal bli kvite med nytt trekk...kanskje lyst trekk med vintage trykk...


Maaaange gamle fat, koppar og bestikk som med litt vask og pussing blir som nye igjen. Dei skal få plass i det nye vitrineskapet som skal bli kvitt med stoff bak glaset og tapet innvendig.


Der var også eit gammalt speil som trengte eit par malingsstrøk og ny innmat :-) Det skal vel bli kvitt som alt anna.


To gamle komodar var der også...kvitmaling på dei også.


Og so eit gammalt bord. Skoa og Donald pocketbøkene skal få ligge igjen i gamlehuset. Men bordet blir fint med litt...kvitmaling...kva ellers? Kanskje med ein fransk sjablong på bordplata...? Det skal få plass i stua i nyehuset. Før den tid må det nok stå der det står. Vi har ikkje plass til nåken av desse skattane før nyehuset er ferdig. Men då blir det til gjengjeld GOD plass =)

Trur eg har jobb til huset vårt er ferdig bygd... :-)

























Eg trur eg skal begynne på vitrineskapet først. Det kan eg klare å presse inn på stua i huset vi har no. Eg treng faktisk litt bedre plass til glas og fat og sånn... =) Eg skal legge inn bilde etterkvert som eg begynner på dei forskjellige tinga.

mandag 8. juni 2009

Ønskeliste

Hadde ein berre hatt masse penger! Då skulle eg kjøpt alt eg ønskte meg...
Men den gang ei! Det får halde med ei ønskeliste for no. Kanskje ein gang i framtida er lista oppfylt, men det vil vel komme nye ting på den etter kvart.
Sånn ser ønskelista mi ut per i dag (den vil nok bli oppdatert ganske ofte):

* Porselenserien Harvard floral green - Alfred Meakin. Eg veit ikkje om det går an å få tak i ein gang, men ønske meg det gjere eg =) Eg har eit fat og eit sausenebb med fat i denne serien.



*Herregård servise fra Perfect home




* Villeroy & Boch Country heritage servise



*Vinglas og vanlige glas fra àhlens - harmoni




*Royal Albert flower of the month series cosmos. I denne serien har vi arva settet fra besteforeldra mine. Vi har koppane og fata frå Mars og Oktober (dei månadane besten og farmor blei født).




*Royal Copenhagen - Ruby Red Full Lace



Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.

Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.

Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.

Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.



Eg fekk meg stor høgt hus med staslege stover midt inni byen til og med.

med blanke blekktak, tregolv store glas. Og det var ei lang trpp som berre gjekk opp og ei mykje lengre som gjekk ned, og enda ei som berre stod til stas........

I tunet vrimla høns og gås og kalkun, og ender for alle tel å sjå, gol og kakla alt med dei berre vann, og kvart eit kvekk og klukk og klunk skulle ljome høgt som basuner mot det blå som om dei sa her bur ein halden mann.



Om eg var ein rik mann, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.

Dreiv eg berre di-del du-del dank, om eg var ein halden mann.

Slapp det tunge slitet, di-del-du-del- di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank.

Om eg var en bi-di bi-di rik, dig-ge dig-ge di-del du-del mann.

søndag 7. juni 2009

Nytt kamera

Eg har nettopp hatt bursdag, og i den annledning fekk eg penga i gave til å kjøpe meg nytt kamera. Valget falt på Canon EOS 450D. Eg er foreløbig veldig fornøgd med kameraet og tar bilde i hytt og pine :-) Her er et lite utvalg av bilda eg har tatt. Fikk mange blomstra til bursdagen også, så det blei naturligvis tatt bilde av dei :-)



























Brødboksen, Pasta og ris krukkene er fra Perfect home.
Cusine skiltet kjøpte eg i Paris i Norvember. Der hadde dei mykje fine interiør ting. Krydderhylla er en gammal antikvitet fra det eldste huset på gården. Den har nok tilhørt oldemora mi. Skåla er fra Ahlèns og te-kanna fra Kremmerhuset.



Når feriepengane kjem på konto skal eg kjøpe bokstativet, kaffi og te krukkene frå Perfect home.







En smak av sommer

I helga var været kjempe fint, og vi fikk en liten smak av sommeren. Då er det ekstra kjekt å dekke til eit fint kjøkkenbord. Bordet blei dekka med servise fra Ikea, krystall glas, nyplukka blomster og serveringsbrett frå Bohus.







Tak

Vi skal ha smartpanel skygge i taket på alle rom. Det blir også spotter i alle rom i 1 etasje.
http://www.smartpanel.no/

Vegg

I huset vårt har vi smartpanel perle. Vi er ganske lei av den typen veggplater, og har bestemt oss for å ha smartpanel skygge i det nye huset. Vi vil ha smartpanel for å få den klassiske stilen. Vi har ikkje bestemt oss for om vi skal ha ferdigmalt eller ubehandla plater endå. Vi tenkte å vente å sjå kor leie vi var av snekring og maling når vi er komt så langt at vi skal begynne å plate veggane. Viss vi er så lei som eg trur vi kjem til å vere, blir det nok ferdigmalte plater :-)

Alle veggane skal vere lyse, men farge er ikkje bestemt endå.

http://www.smartpanel.no/

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online