tirsdag 15. september 2009

Brukthandel og shopping

Til helga reiser eg til Oslo. Vi skal besøke tanta og onkelen min som bur i Nittedal. Det gleder eg med til! Det er alltid like kjekt å besøke dei, bedre enn alle luksushotell =)
På lørdag blir det ein tur på Ekeberg. Der blir veteranklubbens tradisjonsrike loppemarked avholdt på lørdag. Der er plass til 1500 selgerar, så mulighetane for å finne lopper bør vere ganske stor.
Planen er å vere på Ekeberg kl. 08.00 om morningen, og eg tipper vi er ganske lei når det nærmer seg lunsjtider. Viss tida strekker til håper eg vi rekk ein tur til Lillestrøm og ZanZ.
Foto: ZanZ
Dersom vi ikkje rekker det kan vi alltids stikke innom Linnea's Hage i Nittedal =)
Kanskje vi rekker begge deler? ;-)
Foto: Linnea's hage


søndag 13. september 2009

Hausstemning
















I dag har det vore ein virkelig flott dag på Vestlandet! Knallblå himmel og sol. Temperaturen var faktisk så bra at eg kunne gå i t-skjorte ute. Dagen blei nytta til å rydde vekk det siste av råtne sommerblomster, vask av platning, trapp og inngangsparti. Det er alltid kjekt å sette ut potter og møbler og plante blomster når våren kjem, men det er jammen greit å rydde det vekk til vinteren også. Det blir litt ryddigere og enklere med mindre blomster ute. Lettstelt lyng og vintergrønne planter liker vi =)




Eg har også vaska huset innvendig, lufta sengklede og fått tid å sy min første Tilda-engel!














Den blei ikkje akkurat som på pakken, litt mykje leppestift i ansiktet, menmen.....eg er fornøgd eg =)









I går var eg på shopping. Eg var innom ein fantastisk interiørbutikk i Førde som heiter Fruenes drømmer. Eg har ikkje handla så mykje der pga. prisane :-§ Litt dyrt for mi lomme, men kjekt å sjå kva dei har. I ei korg stod Vakre hjem og interiør nr. 2 2009, som eg har prøvd å få tak i på nettet ei god stund utten å lykkast. Grunnen til at eg ville ha bladet var fordi Anette med bloggen Anettes hus, har vist fram kjøkkenet sitt i denne utgåva.


No sitter eg å venter på at Ole og broren min kjem heim frå Ålesund. Dei har spilt golfturnering på Solnør. Dei kom videre til Solnør ettert å ha blitt best i Sogn og Fjordane. Dei som vant på Solnør gikk videre til Skottland.


Om Ole og broren min gikk videre veit dei ikkje pga. tull med oppmøtet. Dei får vite det i løpet av morgadagen eller tirsdag, så vi krysser fingrane =)


Dei havna vertfall på 4 plass av alle som var med. Men para skulle egentlig bli delt i to grupper, noko dei ikkje blei pga. eit par som ikkje møtte opp. Dersom dei blir delt i to grupper alikevel, vann Ole og broren min i den gruppa dei detok i, og turen går videre til Skottland!


Gruppene skulle blitt delt inn etter nivå. Det bil seie at dei egentlig har spillt mot par som var mykje bedre enn dei som skulle spille i deira gruppe.....


Dette blei litt mykje vas og kanskje litt vanskelig å forstå, men eg er vertfall kjempe stolt over at dei har klart å komme så langt og spillt så bra =)


Ønaker alle ein fin søndagskveld videre...


Klem


onsdag 9. september 2009

Detaljer fra stua

No er endelig bordet mitt ferdig. Dette bordet har eg brukg laaang tid på (til å vere meg). Eg har grunna, måla, pussa, saga, skrudd, lakka og pussa litt meir! Resultatet blei veldig bra spørr du meg!



Slik såg bordet ut før:




No er tida komt for valg av vindu og dører til huset. Eg veit kva eg vil ha, men spørs litt på prisen då :-§



Kassa under bordet har eg laga av ei gammal potetkasse. Eg har målt og saga den til å passe perfekt under bordet. I kassa ligg interiørblad slvfølgelig ;-)


Skrifta er kopiert fra eit gammalt frank skilt eg fann i ei utgåve av Vakre hjem og interiør. Bokstavane er trykt på med bokstavstempel.















Desse bilda er tatt i går. Då var det virkelig haustvær ute! Vind og regn. Då er det godt å tenne lys og halde seg innandørs under teppet...






Ønsker alle ein finfin haustkveld.




Klem




tirsdag 8. september 2009

Kirsebær

I dag kom onkelen min på besøk, og han hadde med seg heimelaga Kirsebærlikør til meg! Eg hadde nemnt for han i sommer at eg likte veldig godt Kirsebær som har låge på sprit, og tenk at han huska det!
Likøren var kjempegod, og fikk plass på ei flaske frå Ikea med heimelaga etikett. I tilegg hadde han med Kirsebæra som han laga likøren av. Dei er nesten det beste med heile likøren! Dei er sett på tette Norgesglass så held dei seg lengre...ikkje det at dei kjem til å vare så lenge, faren for at eg et dei opp på kort tid er stor ;-)

Alkoholiserte Kirsebær med vaniljesaus på er himmelsk godt! Det einaste man må passe på er å IKKJE køyre bil etterpå...

I kveld blir det Krisebær med vaniljesaus på til Grey's Anatomi :-)





Tusen takk til min snille onkel Svein =)


Klem






søndag 6. september 2009

På kjøkkenbenken

Denne kassa har eg mala og pussa for å få den slitte gamle looken. Kassa står på kjøkkenbenken med urte, flasker og eit norgesglas med ris i.




Skrifta har eg mala på med grå akrylmaling. Skrifta er Edwardian script som eg fann i Word. Bokstavane er mala for frihand. Men Nina med denne bloggen kom med eit mykje bedre tips som eg skal bruke neste gang =)




Norgesglass er fine til oppbevaring og blir enda finere med heimelaga etiketter

Slik såg kassa ut før. Den har tilhørt farmor. Ho brukte den til å oppbevare strikketøyet sitt i. Kassa hadde egentlig eit handtak, men dette var heilt ødelagt av mått, så det måtte eg ta vekk








Ha en fin søndagskveld videre. No skal eg sjå "Menn som hater kvinner" og håpe at den kan måle seg med boka, noko som er lite sannsynleg...


Klem




fredag 4. september 2009

Steikeovn på kjøkkenet




Eg har alltid ville hatt steikeovnen i eit høgskap slik at vi ikkje treng å bøye oss ned når vi skal bruke den. Men i det siste har eg vurdert å ha den under platetoppen. Eg har steikeovnen i høgskap no, og er kjempe fornøgd med det, men viss vi plasserer den under platetoppen i benkeskapet frigjer vi litt plass på kjøkkenet, får meir benkeplass og mindre høgskap...trur det blir ei bedre løysing og at kjøkkenet blir meir opent.

Ovnen på bildet er fra Beha og står øverst på ønskelista akkurat no. Trur den vil bli kjempefin på kjøkkenet vårt =)




Ønsker alle ei god helg!

Klem


søndag 30. august 2009

Kjøkken inspirasjon

Kjøkkenet er for meg det viktigaste rommet i huset. Kjøkkenet bør vere stort og romsleg. Det bør vere lyst, gjerne med kvit kjøkkeninnredning. Drømmen er å ha peis på kjøkkenet, doble glasdører ut til en fin platning med morgonsol, innebygd benk under vinduet, spiskammers, kjøkkenøy og god plass til spisebord med stoler og slagbenk rundt.








Foto: Kvänum

Desverre blir ikkje kjøkkenet vårt så stort som eg skulle ønske, og vi får nok ikkje plass til halvparten av det eg ønsker meg ein gong, men litt skal eg klare å presse inn ;-)



Foto: Riviera Maison


Vi skal blandt anna ha lyst kjøkken, kvite skap, kjøkkenøy og plass til spisebord med både stoler og slagbenk rundt. Innebygd benk under vinduet, spiskammers, peis og verandadører må nok vike for meir nødvendige ting som vaskemaskin, ovn og skap blandt anna...




Eg vil gjerne ha eit gammalt bord med slitt bordplate i naturtre. Eg har lagt inn ønske til Ole om korleis det skal vere, så får vi sjå om han klarer å lage nåke som ligner til meg...





Foto: ZanZ


Klem

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online