I dag kom onkelen min på besøk, og han hadde med seg heimelaga Kirsebærlikør til meg! Eg hadde nemnt for han i sommer at eg likte veldig godt Kirsebær som har låge på sprit, og tenk at han huska det!
Likøren var kjempegod, og fikk plass på ei flaske frå Ikea med heimelaga etikett. I tilegg hadde han med Kirsebæra som han laga likøren av. Dei er nesten det beste med heile likøren! Dei er sett på tette Norgesglass så held dei seg lengre...ikkje det at dei kjem til å vare så lenge, faren for at eg et dei opp på kort tid er stor ;-)
Alkoholiserte Kirsebær med vaniljesaus på er himmelsk godt! Det einaste man må passe på er å IKKJE køyre bil etterpå...
I kveld blir det Krisebær med vaniljesaus på til Grey's Anatomi :-)
Tusen takk til min snille onkel Svein =)
Klem



Ser jo lekkert ut selv om jeg ikke liker kirsebær på sprit...hehehe
SvarSlettKose deg med bærene i kveld, jeg skal kose meg med kakao;)