mandag 28. september 2009

Album på blogg? Størrelse på huset??

Er det nåken som veit om det går an å lage eit album på bloggen? Det hadde vore lettere å lagt ut bilder av framgangen viss det hadde gått an. Syns det blir så masse anna mellom innlegga om framgang. Eg kan jo såklart lage en egen etikett med framgang, men hadde vore kjekt med eit album...tar med glede imot tips =)

Over til ein heilt anna ting: I dag har dei laga fundamenta til bæreveggane. Det er supert at ting skjer, MEN eg syns huset ser så lite ut når ringmuren er komt opp! Eg kunne jo tenkt meg at berre kjøkkenet skulle vere like stort som heile huset er til sammen! Nåken som har erfaring med å bygge hus som kan forsikre meg om at det blir større enn det ser ut som?? Hjelp...begynner å få angst for at huset blir for lite :-§

søndag 27. september 2009

Ringmur på plass

Her kjem ei lita oppdatering på framgangen med huset vårt. Som dokke ser er ringmuren kome opp i løpet av helga. Det gjennstår litt arbeid på den før støypinga tek til i løpet av veka som kjem. Snekkaren kjem om to veker, og då tenker eg vi byrjar å sjå framgang for på alvor =)


Lille pusen lurer på kva som skjer her...


Rørleggeren sitt arbeid så langt


Nye naboar. Sauene til naboen er kome på beite, og desse får vi til næraste nabo.


Og desse har vi nedanfor huset. Landlege omgjevelsar, akkurat slik eg likar det =)
Den lysaste hesten heiter Faksi, og er faktisk eldre enn meg. Ho nærmar seg 30 år. Snillere hest finst ikkje!
Dei to andre familiemedlemmane er alltid med på tur opp til huset...

lørdag 26. september 2009

Dagens funn

I dag vakna eg til ei melding fra ei venninne der det stod: Loppemarked på Kyrkjelydshuset no!
Det er netopp sånne ting eg går glipp av sidan eg ikkje abonnerer på lokalavisa...
Eg hoppa ut av senga og gjorde meg klar til å reise. MEN...når vi kom ned viste det seg å vere svæært dårlig! Det var ingenting å finne, og då meiner eg bokstaveligtalt ingenting. Borda var nesten tomme og utvalget var minimalt. Av skuffelse reise vi videre til Kremmerhuset og Jarles gavesenter for å sjå på nye ting i standen for. Eg fann ingenting av interesse (vertfall ikkje som eg hadde råd til der og då).






Vi var ein kjapp tur innom antikvitetsbutikken for å sjå på alt det fine dei har der. Vi har som oftast ikkje råd til nåke sidan prisane på gamle møblar og interiør er svært stive. Men i dag fann eg denne søte hjulvispen. Dei hadde faktisk to av samme sorten berre forskjellige fargar. Eg liker veldig godt grønt, så denne blei med heim. Prisen var ikkje å klage på heller ;-)

Det var dagens funn...ikkje så masse å blogge om egentlig,
så her kjem bilder av ting eg hadde frå før =)



Desse små krukkene har stått i gamlehuset på gården heime. Dei tok eg inn i varmen for mange år sidan, og eg er fortsatt like glad i dei. Dei har nok tilhørt oldemora mi ein gong.


Dette stoffet bestillte eg fra Stoff of stil. Det blåstripete stoffet skal bli trekk på dei gamle kjøkkenstolane mine og puter til kjøkkenbenken min i nye huset =) Sekkestoffet har eg ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke til endå...
nokon som har gode forslag?


Ellers er formen so som so. Halsen er sår, verker i hovudet og nakken og litt feber, så det ser ut som influensaen eller nåke lignande har nådd meg også. Så resten av kvelden blir brukt til max sofa- og tv-sliting.

I måra kjem forhåpentligvis ei lita oppdatering på framgangen med huset, med mindre helsa svikter.


God lørdagskveld til alle =)


torsdag 24. september 2009

Foto: Kvänum
Dagen i dag starta med eit brak! Bokstavelig talt...
Det lyna og tordna so eg trudde fjella kolapsa uttafor vinduet mitt. Etter ei god stund sovna eg igjen, men vokna igjen med eit brak, då ei musefelle gikk av på mørkeloftet rett over hovudet mitt. Og du må ikkje tru at musa dødde med ein gong, nei den sprella i gode 5 min. før den gav opp og det blei stille...huffameg! Eg var vertfall våken og såg tilfeldigvis på vekkerklokka, som viste 06.45, og eg som skulle vere på jobb og opne barnehagen til kl. 07.00, kan TRU eg fikk fart på meg då! Eg var på plass på jobb 3 min. før tida, så treig kan ingen anklage meg for å vere. No skal det vere sagt at eg er næraste nabo med jobben min også ;-)
Etter jobb var eg på Byggmakker og fiksa på kjøkkenteikningane. Endelig er eg heilt fornøgd...enn så lenge =) Eg har faktisk fått med benk innebygd i kjøkkeninnredninga framfor eine vinduet, JIPPI! :-D
Teikningane glømde eg selvfølgelig å ta med meg, så dei blir det bilde av ein annan gong. Får dei forhåpentligvis i måra...
Dei som skulle begynne på ringmuren var her også i dag. Men arbeidet starter dei ikkje med før i måra. Dei har hatt tre veker på seg til å gjere det ferdig, og dei kjem siste dagen før fristen går ut....er det mulig? Jaja....jobben blir no gjort i løpet av helga, så eg skal ikkje klage =)
Rørlegger og elektriker var her tirsdag, onsdag og i dag, så alt er klart for muring.
Ellers har eg hatt huset heilt for meg sjølv i dag. Då var det Kings og Leon på max og fram med vaskekosten. So no er huset skinnande reint til helga, og måradagen kan brukast til max avslapping....herlig!
No skal resten av kvelden nytast med det nyaste Bolig Pluss og kåring av Norges vakraste heim.

mandag 21. september 2009

Framgang....eller stillestand!


Her er det totalt stillestand med alt som heiter husbygging! Det har ikkje vore gjort nåke på tre veker no, og eg er begynt å bli ganske utolmodig! På torsdag kjem heldigvis dei som skal forskale og lage grunnmur. Men før den tid må rørleggeren gjere ferdig det han skal, så han har altså to dager på seg til å få fingeren ut og gjere jobben sin! Tømrerarbeidet skal starte i løpet av veke 40 eller 41. Det vil vel seie at dei kjem fredag i veke 41 viss alt går som det har gjort fram til no...Menmen, i kontrakta står det at huset skal stå ferdig utvendig til veke 42, så vi får håpe dei klarer det =)


I mellomtida sitter eg inne og jobber med oppgaver fra NKI interiørstudiet. Eg henger litt bakpå og har NULL inspirasjon og lyst til å gjere nåke som helst som har med skule å gjere, men må ein, så må ein. Tenker eg skal prøve å bli ferdig med to oppgåver i løpet av kommande helg.


Eit lite bilde til inspirasjon:

Foto: Bloomingville

søndag 20. september 2009

Eit glimt av mitt overfyllte kjøkken






Heimelaga kasse som står ved sida av vasken. Lave-vaiselle betyr oppvask på fransk. Den fine flaska med oppvaskmiddel fann eg på brukthandel for 15 kroner.



Kryddersettet har tilhørt oldemora mi. Det fann eg i gamlehuset på gården.




Endå ei heimelaga kasse. Her har eg salt og pepperbøssene, olje og balsamikoflaskene og oreganoen min =)






Dørslaget kjøpte er fra Kremmerhuset, korgbretta frå Kid og telysestakane og korga fra Heidi's bo.







Her er eit bilde av min overfyllte kjøkkenbenk. Gleder meg til huset blir ferdig og eg får litt bedre plass på kjøkkenet til alt krimskramset mitt =)



I helga laga eg skuleboller av den nye ferdigpakken til Melange. Det var super enkelt og kjempe godt! Stettfatet er fra House doctor og er kjøpt på Heidi's bo, glassklokka er fra Kremmerhuset.




Mi etterlengta tallerkenhylle som eg leita lenge for å finne. Dårlig med sånt i Førde... Denne fann eg på antikvitetshandel og betalte 300 for den. Det var før eg fann ut kor enkelt det var å lage ei slik hylle sjølv. Bordskånerane er kjøpt hos Lobelia.


Ønsker alle ein fin søndagskveld. No skal eg kose meg med interiørblad og kakao.


Klem

onsdag 16. september 2009

Englesson møbler






Øverst på ønskelista står ein Howard sofa og Howard stoler fra Englesson.


Når det nye huset er ferdig SKAL eg ha desse møblane i stua mi.


Eg har til og med komt med forslag om at eg kan male veggplatene vi skal ha i stede for ferdigmalte for å spare inn litt penga som vi kan bruke på desse møblane...for det er DYRE møbler!


Eg treng ikkje nødvendigvis kjøpe sofaen fra Englesson, då det er andre produsentar som også har lignande sofa, men til litt lavere priser. Andre produsenter som har Howard sofa er blandt anna Brødrerna Anderssons.




Stolane vil eg ha fra Englesson, for dei vil eg ha i akkurat det stoffet som er på bildet! Og så langt eg veit, er det ikkje andre produsenter som har akkurat desse fargane og mønsteret.










Stolane og sofaen skal ikkje stå ilag i stua. Sofaen skal vere framfor tv'en og stolane i lesekroken =)



Bestemora til Ole har en stooor vev, og eg tenkte eg skulle legge inn eit ønske om ei stoor fillerye i samme farger og mønster som stolane. Dette teppet skal ligge under sofaen...planen er klar ;-)

Oh...by the way: Osloturen er avlyst =( Ole fikk ikkje fri fra jobb fredagen og er ikkje ferdig før kl.17.00. Så 7-8- timer køyring var lite fristande så seint på kvelden....

Det får bli nettshopping og litt sparing i stede for =)

Klem

Blog Widget by LinkWithin
 

blogger templates | Make Money Online