Foto: KvänumDagen i dag starta med eit brak! Bokstavelig talt...
Det lyna og tordna so eg trudde fjella kolapsa uttafor vinduet mitt. Etter ei god stund sovna eg igjen, men vokna igjen med eit brak, då ei musefelle gikk av på mørkeloftet rett over hovudet mitt. Og du må ikkje tru at musa dødde med ein gong, nei den sprella i gode 5 min. før den gav opp og det blei stille...huffameg! Eg var vertfall våken og såg tilfeldigvis på vekkerklokka, som viste 06.45, og eg som skulle vere på jobb og opne barnehagen til kl. 07.00, kan TRU eg fikk fart på meg då! Eg var på plass på jobb 3 min. før tida, så treig kan ingen anklage meg for å vere. No skal det vere sagt at eg er næraste nabo med jobben min også ;-)
Etter jobb var eg på Byggmakker og fiksa på kjøkkenteikningane. Endelig er eg heilt fornøgd...enn så lenge =) Eg har faktisk fått med benk innebygd i kjøkkeninnredninga framfor eine vinduet, JIPPI! :-D
Teikningane glømde eg selvfølgelig å ta med meg, så dei blir det bilde av ein annan gong. Får dei forhåpentligvis i måra...
Dei som skulle begynne på ringmuren var her også i dag. Men arbeidet starter dei ikkje med før i måra. Dei har hatt tre veker på seg til å gjere det ferdig, og dei kjem siste dagen før fristen går ut....er det mulig? Jaja....jobben blir no gjort i løpet av helga, så eg skal ikkje klage =)
Rørlegger og elektriker var her tirsdag, onsdag og i dag, så alt er klart for muring.
Ellers har eg hatt huset heilt for meg sjølv i dag. Då var det Kings og Leon på max og fram med vaskekosten. So no er huset skinnande reint til helga, og måradagen kan brukast til max avslapping....herlig!
No skal resten av kvelden nytast med det nyaste Bolig Pluss og kåring av Norges vakraste heim.


Halloen du!!!
SvarSlettJammen er her kjende fjes i bloggverda og;) Mamma til Amalie her:)) Har kasta meg ut i denne skumle verda eg og! Får sjå om det verte nokon suksess;) Kjempeflott blogg du har! Spennande med husbygging, la faktisk merke til tomta dåka idag;))
Du våknet med litt av et brak.....også mus i fella, det er ikke min favoritt.
SvarSlettSpennende å følge husprosjektet deres...hyggelig blogg du har, hit kommer jeg tilbake.
Klem...Ellen
Eg høyrde ingenting av noko torden og bråk den natta, men alle prata jo om det, så det må ha vert litt støy;) Landingslysa på Bringeland hadde visst og slukna! Og så ei mus som sprella til døden? Grøss og gru...! ;)
SvarSlettDet biletet av kjøkkenet øverst var kjempefint! Vil ha!:)