

Heimelaga kasse som står ved sida av vasken. Lave-vaiselle betyr oppvask på fransk. Den fine flaska med oppvaskmiddel fann eg på brukthandel for 15 kroner.

Kryddersettet har tilhørt oldemora mi. Det fann eg i gamlehuset på gården.

Endå ei heimelaga kasse. Her har eg salt og pepperbøssene, olje og balsamikoflaskene og oreganoen min =)

Dørslaget kjøpte er fra Kremmerhuset, korgbretta frå Kid og telysestakane og korga fra Heidi's bo.

Her er eit bilde av min overfyllte kjøkkenbenk. Gleder meg til huset blir ferdig og eg får litt bedre plass på kjøkkenet til alt krimskramset mitt =)

I helga laga eg skuleboller av den nye ferdigpakken til Melange. Det var super enkelt og kjempe godt! Stettfatet er fra House doctor og er kjøpt på Heidi's bo, glassklokka er fra Kremmerhuset.

Mi etterlengta tallerkenhylle som eg leita lenge for å finne. Dårlig med sånt i Førde... Denne fann eg på antikvitetshandel og betalte 300 for den. Det var før eg fann ut kor enkelt det var å lage ei slik hylle sjølv. Bordskånerane er kjøpt hos Lobelia.
Ønsker alle ein fin søndagskveld. No skal eg kose meg med interiørblad og kakao.
Klem
