mandag 28. september 2009
Album på blogg? Størrelse på huset??
Over til ein heilt anna ting: I dag har dei laga fundamenta til bæreveggane. Det er supert at ting skjer, MEN eg syns huset ser så lite ut når ringmuren er komt opp! Eg kunne jo tenkt meg at berre kjøkkenet skulle vere like stort som heile huset er til sammen! Nåken som har erfaring med å bygge hus som kan forsikre meg om at det blir større enn det ser ut som?? Hjelp...begynner å få angst for at huset blir for lite :-§
søndag 27. september 2009
Ringmur på plass
Lille pusen lurer på kva som skjer her...
Nye naboar. Sauene til naboen er kome på beite, og desse får vi til næraste nabo.
lørdag 26. september 2009
Dagens funn
Vi var ein kjapp tur innom antikvitetsbutikken for å sjå på alt det fine dei har der. Vi har som oftast ikkje råd til nåke sidan prisane på gamle møblar og interiør er svært stive. Men i dag fann eg denne søte hjulvispen. Dei hadde faktisk to av samme sorten berre forskjellige fargar. Eg liker veldig godt grønt, så denne blei med heim. Prisen var ikkje å klage på heller ;-)
Det var dagens funn...ikkje så masse å blogge om egentlig, så her kjem bilder av ting eg hadde frå før =)
Desse små krukkene har stått i gamlehuset på gården heime. Dei tok eg inn i varmen for mange år sidan, og eg er fortsatt like glad i dei. Dei har nok tilhørt oldemora mi ein gong.
Dette stoffet bestillte eg fra Stoff of stil. Det blåstripete stoffet skal bli trekk på dei gamle kjøkkenstolane mine og puter til kjøkkenbenken min i nye huset =) Sekkestoffet har eg ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke til endå...nokon som har gode forslag?
Ellers er formen so som so. Halsen er sår, verker i hovudet og nakken og litt feber, så det ser ut som influensaen eller nåke lignande har nådd meg også. Så resten av kvelden blir brukt til max sofa- og tv-sliting.
I måra kjem forhåpentligvis ei lita oppdatering på framgangen med huset, med mindre helsa svikter.
God lørdagskveld til alle =)
torsdag 24. september 2009
Foto: Kvänummandag 21. september 2009
Framgang....eller stillestand!

Foto: Bloomingville
søndag 20. september 2009
Eit glimt av mitt overfyllte kjøkken
Dørslaget kjøpte er fra Kremmerhuset, korgbretta frå Kid og telysestakane og korga fra Heidi's bo.
Her er eit bilde av min overfyllte kjøkkenbenk. Gleder meg til huset blir ferdig og eg får litt bedre plass på kjøkkenet til alt krimskramset mitt =)
Mi etterlengta tallerkenhylle som eg leita lenge for å finne. Dårlig med sånt i Førde... Denne fann eg på antikvitetshandel og betalte 300 for den. Det var før eg fann ut kor enkelt det var å lage ei slik hylle sjølv. Bordskånerane er kjøpt hos Lobelia.
Ønsker alle ein fin søndagskveld. No skal eg kose meg med interiørblad og kakao.
Klem
onsdag 16. september 2009
Englesson møbler
Stolane og sofaen skal ikkje stå ilag i stua. Sofaen skal vere framfor tv'en og stolane i lesekroken =)
Bestemora til Ole har en stooor vev, og eg tenkte eg skulle legge inn eit ønske om ei stoor fillerye i samme farger og mønster som stolane. Dette teppet skal ligge under sofaen...planen er klar ;-)
Oh...by the way: Osloturen er avlyst =( Ole fikk ikkje fri fra jobb fredagen og er ikkje ferdig før kl.17.00. Så 7-8- timer køyring var lite fristande så seint på kvelden....
Det får bli nettshopping og litt sparing i stede for =)





